Hopp til innhald

Fagstoff

Velferdsteknologi skaper tryggleik

Velferdsteknologi kan påverke kvaliteten på helse- og omsorgstenester. I denne filmen får du sjå korleis teknologien skaper auka tryggleik og sikkerheit for bebuarar, pårørande og tilsette i eit bukollektiv for personar med demens.

I denne filmen fortel ein sjukepleiar, ein bebuar og ein pårørande om korleis velferdsteknologi aukar tryggleiken og sikkerheita i bufellesskapet for personar med demens. Sjukepleiaren understrekar at velferdsteknologien ikkje skal erstatte menneskeleg kontakt, men gi meir fridom, tryggleik og sikkerheit.

Utfordringar til deg 

  1. Korleis kan velferdsteknologi bidra til å auke kvaliteten på helse- og omsorgstenester?

  2. På kva måte kan velferdsteknologi bidra til at personar med demens får meiningsfulle og aktive dagar?

  3. Kva for etiske dilemma ser du for deg når det gjeld bruk av velferdsteknologi?

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2020

Læringsressursar

Hjelpemiddel, teknologi og universell utforming