Hopp til innhald
Film og filmklipp

Omsorgsteknologi i heimen

Velferdsteknologi kan gi brukarar av heimetenesta moglegheit til å klare seg betre sjølv. I denne filmen kan du sjå korleis heimetenesta kartlegg behov for teknologiske hjelpemiddel som gjer at brukarane kan halde fram med å vere aktive og samstundes kjenne seg trygge.
Video: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen / CC BY-SA 4.0

Teknologiske hjelpemiddel i heimen kan gjere det tryggare for personar med sviktande helse eller nedsett funksjonsevne. Velferdsteknologi kan bidra til at brukarar av heimetenesta held seg aktive, og dermed auke opplevinga av sjølvstende og meistring hos den enkelte.

Utfordringar til deg

  1. På kva måtar kan velferdsteknologi bidra til at brukarar av heimetenesta kan klare seg betre sjølv?
  2. Kva kan vere årsaker til at nokre brukarar av heimetenesta ikkje ønskjer teknologiske hjelpemiddel i heimen sin?
  3. I kor stor grad kan velferdsteknologi erstatte menneskeleg omsorg?