Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Universell utforming i nærmiljøet

Korleis står det til med universell utforming og tilrettelegging av det fysiske miljøet på stadene der du vanlegvis ferdast? I denne oppgåva skal du undersøkje og dokumentere korleis krava om universell utforming er oppfylte, og foreslå forbetringstiltak dersom det er påkravd.
Ung jente i rosa rullestol opnar ei dør ved hjelp av automatisk døropnar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Gå inn på nettsida til Uu-tilsynet og les om universell utforming. Skriv ned dei sju prinsippa for universell utforming, og diskuter i grupper kva dette inneber i praksis.
  2. Undersøk korleis desse prinsippa er varetekne i nærområdet dykkar. Dokument med bilete eller film den universelle utforminga på ein eller fleire av desse stadene:

    • på skulen
    • i sentrum
    • på eit kjøpesenter
    • i eit friluftsområde
    • på praksisstaden din
  3. Kva fungerer bra når det gjeld universell utforming her?
  4. Kva forhold bør bli forbetra for at området skal vere tilgjengeleg for alle?

Relatert innhald

Universell utforming er ein måte å planleggje og byggje opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Hjelpemiddel, teknologi og universell utforming