Hopp til innhald
Fagartikkel

Tekniske hjelpemiddel

Tekniske hjelpemiddel hjelper brukaren til å utføre praktiske gjeremål. Vanlegvis er desse hjelpemidla del av ein heilskapleg plan for rehabilitering, pleie, opplæring eller yrkesretta attføring. Andre tiltak kan kome i tillegg, for eksempel tilpassingar i bustaden, skulen eller på arbeidsplassen.

Eit hjelpemiddel skal

  • gjere brukaren sjølvhjelpt
  • vere eit supplement til andre tiltak
  • betre funksjonsevna
  • lette pleia av menneske med nedsett funksjonsevne heime

Hjelpemiddel kan brukast

  • heime
  • på skulen eller studiestaden
  • på arbeidsplassen
  • i fritida

Folketrygda betaler i tillegg for

  • montering og tilpassing
  • demontering
  • reparasjonar
  • framføring av straum til hjelpemidlet

Alt utstyr frå hjelpemiddelsentralane blir lånt ut gratis og så lenge brukaren har behov for det. Når behovet ikkje er der lenger, skal hjelpemidla returnerast til sentralen.

Tilpassing og vedlikehald av hjelpemiddel

Heimetenesta og vaktmeistertenesta i kommunen har ansvar for å hjelpe brukaren med å tilpasse eller installere hjelpemidla. Dersom det trengst spesiell fagkompetanse, skal heimetenesta kunne vise til private firma eller handverkarar som har riktig ekspertise.

Dersom hjelpemidlet går sundt eller ikkje verkar, må brukaren eller heimetenesta melde frå til hjelpemiddelsentralen, som sørgjer for at utstyret blir reparert. Enkle reparasjonar skal vaktmeistertenesta i kommunen ta seg av. Vanleg vedlikehald, som reingjering og fylling av luft i dekk, har brukaren sjølv ansvaret for.

Tilskot til innkjøp

I ein del tilfelle kan hjelpemiddelsentralen gi brukaren eit tilskot slik at han eller ho kan kjøpe hjelpemidlet sjølv. Det gjeld særleg utstyr som stadig blir fornya og oppgradert, for eksempel datautstyr. Ved eit tilskot er brukaren sjølv ansvarleg for å reparere og halde hjelpemidlet ved like.

Relatert innhald

Fagstoff
Hjelpemiddel

Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.

Fagstoff
Hjelpemiddeldatabasen

Dei mange produkta i hjelpemiddeldatabasen er fordelte i grupper etter funksjonsnedsetjing.