Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelpemiddel

Visste du at sugerør med knekk eigentleg vart laga for personar som er lamme frå nakken og ned? Eller at fjernkontrollen opphavleg var laga for dei av oss som har nedsett rørsleevne?
Eldre mann drikk av sugerør. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nyttig for alle

Både sugerøret og fjernkontrollen er døme på geniale hjelpemiddel som har komme alle til nytte, og som har medverka til å fjerne skiljet mellom menneske med full funksjonsevne og menneske som har ei form for funksjonsnedsetjing.

For ein del år tilbake var du skikkeleg uheldig om du vart fødd med nedsett funksjonsevne – eller om du mista beina i ei arbeidsulykke eller vart blind som gammal. I den verda forfedrane våre levde i, var det knapt plass til dei som ikkje klarte seg sjølve. Mange levde heile livet innandørs: isolerte, prisgitt andre og utan å kunne realisere seg sjølve eller gjere nytte for seg.

Ulike hjelpemiddel

I dag har samfunnet både den økonomiske evna og teknologien som skal til for at menneske med nedsett funksjonsevne kan leve eit fullverdig liv og ta del i samfunnet på linje med alle andre. Det finst hjelpemiddel som gjer det mogleg for dei fleste å klare seg sjølve i dagleglivet, i jobben og i fritida: frå krykker og rullatorar til negleklipparar med forstørringsglas, frå syklar som kan "trøast" med hendene, til spesialski for menneske med lammingar, og bilar som kan styrast med munnen – og mykje meir for alle typar funksjonsnedsetjingar.

Folketrygdlova garanterer at alle som treng det i Noreg, har rett til å låne tekniske hjelpemiddel gratis frå kommunen eller staten gjennom hjelpemiddelsentralane. Brukarane er i alle aldrar og har vidt forskjellige behov. Somme treng utstyret for kortare tid, andre treng å låne det permanent.

Eldre person som går med rullator på vinterføre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven kan låne hjelpemiddel?

Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.

Dersom behovet er kortvarig (under to år), skal brukaren låne hjelpemidlet gjennom kommunen – det vil seie det lokale NAV-kontoret. Er behovet varig (over to år), får brukaren hjelpemidla direkte frå hjelpemiddelsentralen i fylket.

Utfordringar til deg

  1. Kva er eit hjelpemiddel?
  2. Korleis kan eit hjelpemiddel gjere kvardagen betre for menneske som har nedsett funksjonsevne?
  3. Kvifor er det viktig at eit hjelpemiddel blir tilpassa den enkelte brukaren på ein best mogleg måte?
  4. Kan du gi døme på korleis eit hjelpemiddel kan betre ADL-ferdigheitene til ein brukar?
  5. Kven har krav på å få låne hjelpemiddel?
  6. Korleis søker ein om å få låne hjelpemiddel?
  7. Kvifor er det viktig å vere medviten om korleis ein skal bruke eit hjelpemiddel?
  8. Kva oppgåver og ansvar har ein hjelpemiddelsentral?
  9. Kven dekker kostnadene for bruken av hjelpemiddel?
  10. Korleis er reglane for bruk av hjelpemiddel når ein er i utlandet?
  11. Kva hjelpemiddel blir ikkje dekte av folketrygda?
  12. Når har heimetenesta og vaktmeistertenesta ansvaret for dei tekniske hjelpemidla?
  13. Kva lovverk regulerer bruken av hjelpemiddel?

Relatert innhald

Det finst eigne reglar for hjelpemiddel i utlandet. Ein bør kontakte Hjelpemiddelsentralen for ein gjennomgang av hjelpemiddelet før avreise.

CC BY-NC-SASkrive av Einar Gjærevold, Ingrid Schiefloe Myhre og Marit Smith Sørhøy. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020

Læringsressursar

Universell utforming og hjelpemiddel