Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelpemiddelsentralen

NAV Hjelpemiddelsentral har det overordna ansvaret for hjelpemiddel til personar med nedsett funksjonsevne i fylket sitt. Hjelpemiddelsentralen rettleier om bruk av hjelpemiddel som kan kompensere heilt eller delvis for tap av funksjonar.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan hjelpemiddel bidra til meistring og auka livskvalitet?

  2. På kva måtar bidreg hjelpemiddelsentralen til berekraft i helse- og omsorgstenesta?

  3. Korleis kan hjelpemiddel forbetre og effektivisere arbeidsoppgåvene dine som helsefagarbeidar? Diskuter i klassen.

Relatert innhald

Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2023

Læringsressursar

Hjelpemiddel, teknologi og universell utforming