Tildeling av hjelpemiddel
Formidling av hjelpemiddel og tilrettelegging av miljø rundt ein person med nedsett funksjonsevne er først og fremst ansvaret til kommunen. Gå inn på nettsida til heimkommunen din og finn svar på desse spørsmåla:
Kvar er lageret for mellombelse hjelpemiddel?
Kva hjelpemiddel tilbyr dei utlån av?
Korleis går utlånet av kommunale hjelpemiddel føre seg?
Kven kan låne hjelpemiddel der?
Kor lenge kan du låne hjelpemiddel der?
Kven bringar og hentar hjelpemidla?
Dersom behovet varer i to år eller meir, er det Nav Hjelpemiddelsentral som låner ut hjelpemiddel.
Gå inn på Navs nettside om hjelpemiddel og tilrettelegging og bruk gjerne søkefeltet for å finne svar på fleire av oppgåvene.
Lag ei oversikt over kva tenester og hjelpemiddel du finn der.
Finn informasjon om søknad om hjelpemiddel. Korleis kan du som helsefagarbeidar hjelpe ein brukar med å skaffe seg hjelpemiddel?
Kvar er den næraste hjelpemiddelsentralen din?
Kvar er næraste tolketeneste?
Kvar finn du bilsenteret for regionen din?
Korleis kjem du i kontakt med tolketenesta ved akutte situasjonar utanom ordinær arbeidstid?
Kven kan du kontakte om akutt behov for reparasjon av hjelpemiddel?
Kva kurs tilbyr hjelpemiddelsentralen som kan vere nyttige for deg i arbeidet ditt som helsefagarbeidar?
Bruk nokre minutt til å reflekter individuelt, og drøft deretter i klassen:
Korleis kan hjelpemiddel og velferdsteknologi bidra til at brukarar blir meir sjølvstendige og kan halde oppe funksjonar i dagleglivet?
Korleis kan de bruke hjelpemiddel og teknologi for å forbetre og effektivisere arbeidet dykkar?
Kva etiske problemstillingar kan oppstå når hjelpemiddel og teknologi blir nytta for å effektivisere helse- og omsorgssektoren?
Relatert innhald
Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.
Vetle på 16 år og fagpersonar frå skulen og helsetenesta fortel i denne filmen om kva universell utforming har å seie for integrering og deltaking.