Hjelpemiddeldatabasen
Hjelpemiddelsentralen kjøper inn og eig mange ulike hjelpemiddel som skal gjere det mogleg å leve sjølvstendig og halde oppe funksjonane i dagleglivet. Både nytt og brukt utstyr blir nytta.
På informasjonssida til Nav Hjelpemiddelsentralen finn du mykje nyttig stoff om hjelpemiddel, prosedyrar, søknadsskjema og hjelpeskjema. I informasjonen om dei ulike hjelpemiddelområda finst det lenker til riktig skjema og ei oversikt over kva vedlegg søknaden treng i kvart tilfelle.
Det er laga eigne hjelpeskjema som kan brukast når ein skal finne fram til kva slags hjelpemiddel som er best eigna til å løyse eit konkret problem. Brukaren må legge slike skjema ved søknaden og sende begge delar til hjelpemiddelsentralen i fylket der vedkommande bur.
Nav Hjelpemiddeldatabasen inneheld informasjon om alt du treng for å finne fram til riktig hjelpemiddel, mellom anna komplette oversikter over
- produkt og leverandørar
- søknadsskjema
- hjelpeskjema
- relevante databasar i andre land
- brukarorganisasjonar
faglitteratur
Databasen inneheld også tekniske spesifikasjonar, bilete, brosjyrar og bruksrettleiingar for hjelpemiddel.
Relatert innhald
Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.