Film og filmklipp
Velferdsteknologi gir fridom
Velferdsteknologi kan bidra til auka brukarmedverknad, meistring og sikkerheit for menneske med nedsett funksjonsevne. I denne filmen fortel Vetle på 16 år og faren hans om korleis smarthusteknologi og andre hjelpemiddel gjer Vetle meir sjølvstendig og gir han auka fridom i kvardagen.
- På kva måte kan velferdsteknologi bidra til meistring, utvikling og god helse?
- Kvifor er det viktig at du som fagarbeidar har innsikt i korleis hjelpemiddel, velferdsteknologi og annan teknologi fungerer?
- Kva for etiske dilemma kan oppstå i samband med bruk av velferdsteknologi?