Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelpemiddel i utlandet

Det finst eigne reglar for hjelpemiddel i utlandet. Hjelpemiddelsentralen bør bli kontakta for ein gjennomgang av hjelpemiddelet før avreise for å førebygge at det oppstår feil på utstyret mens brukaren er på ferie i utlandet.
Person med høyreapparat sjekkar appen til apparatet på telefonen sin. Foto.

Feriar og korte opphald i utlandet

I utgangspunktet kan brukaren ta med seg hjelpemidla på feriar og korte opphald i EØS-land. Dersom brukaren flyttar til utlandet eller skal opphalde seg der i meir enn tolv månader, må han eller ho søke Nav om å få behalde utstyret.

Har brukaren fått bil gjennom folketrygda, kan han eller ho reise både i og utanfor EØS i opptil ein månad utan å måtte søke. Dersom brukaren treng bil i utlandet i ein lengre periode, må han eller ho søke om løyve frå bilkontoret i fylket.

Dersom brukaren har fått økonomisk støtte til å skaffe seg briller eller kontaktlinser, forstørringsbriller, kikkertbriller, høyreapparat, manuell eller elektrisk rullestol, førarhund eller ortopediske hjelpemiddel, har vedkomande rett til å ta med seg desse hjelpemidla til eit EØS-land.

Flytting til utlandet

Dersom brukaren flyttar til utlandet permanent, skal hjelpemiddelet som hovudregel returnerast til hjelpemiddelsentralen, og eit nytt skal skaffast frå ein lokal hjelpemiddelsentral i det aktuelle landet. Hjelpemiddelsentralen eller Nav hjelper til med å ordne dette.

Dersom brukaren høyrer heime i eit anna EØS-land, skal han eller ho først søke om hjelpemiddel i det landet der vedkomande bur. Får brukaren avslag, kan det søkast om hjelpemiddel frå Noreg.

Relatert innhald

Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.

CC BY-NC-SASkrive av Einar Gjærevold.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2024

Læringsressursar

Hjelpemiddel, teknologi og universell utforming