Film og filmklipp
Universell utforming gir like moglegheiter
Universell utforming er viktig for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta likeverdig i samfunnet. Mange produkt og ulike former for tilrettelegging som i utgangspunktet vart utvikla for personar med funksjonsnedsetjingar, fungerer òg godt for alle andre.
- Kvifor er universell utforming viktig for at personar med nedsett funksjonsevne skal kunne delta likeverdig i samfunnet?
- Kva produkt kjenner du til, i tillegg til dei som blir nemnde i filmen, som opphavlege vart utvikla som eit hjelpemiddel for personar med funksjonsnedsetjingar?
- Korleis kan universell utforming av miljøet vere ein fordel òg for personar utan funksjonsnedsetjingar? Gi døme.
Relatert innhald
Fagstoff
Kva er universell utforming?Universell utforming er ein måte å planleggje og byggje opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).