Kva er universell utforming?
Universell utforming har vorte eit viktig område i samfunnet, både i regelverk og i andre dokument. I likestillings- og diskrimineringslova blir universell utforming definert som "utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene [...] slik at virksomhetens alminnelige funksjoner kan benyttes av flest mulig, uavhengig av funksjonsnedsettelse".
Universell utforming representerer ein forholdsvis ny måte å tenkje på. Når det skal byggjast nye offentlege bygg, blir det lagt vekt på at dei skal bli utforma slik at dei blir tilgjengelege for alle utan spesialløysingar for enkeltgrupper. Døme på dette kan vere
- at alle dører og inngangar er tilgjengelege med rullestol
- at det finst heisar som gjer alle rom tilgjengelege for bevegelseshemma
- at det er skilting for orienteringshemma
- at det er merking som gjer det mogleg og trygt for synshemma å ta seg fram
Direktoratet for byggkvalitet seier at produkt, byggverk og uteområde som er i alminneleg bruk, skal utformast på ein slik måte at alle menneske skal kunne bruke dei på ein likestilt måte så langt det er mogleg, utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel.
Utfordringar til deg
- Kva er universell utforming?
- Kvifor er det viktig med universell utforming?
- Kva betyr det at "virksomhetens alminnelige funksjoner kan benyttes av flest mulig"?
- Kva område kan det vere utfordrande å utforme slik at alle kan nytte dei utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel? Finn døme og diskuter i klassen.
Direktoratet for byggkvalitet. (2020, 14. januar). Hva er universell utforming? https://dibk.no/verktoy-og-veivisere/universell-utforming/lar-mer-om-universell-utforming/hva-er-universell-utforming/
Likestillings- og diskrimineringslova. (2017). Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (LOV-2017-06-16-51). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2017-06-16-51