Hopp til innhald
Film og filmklipp

Universell utforming

Universell utforming handlar om utforming og tilrettelegging av fysiske omgivnader slik at flest mogleg har tilgang til heile samfunnet. I denne filmen fortel Vetle på 16 år og fagpersonar frå skulen og helsetenesta om kva universell utforming har å seie for integrering og deltaking.
Video: Extreme Music, Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr universell utforming?
  2. Korleis kan universell utforming påverke kvardagsmeistring og psykisk helse?
  3. Kva er forskjellen mellom omgrepa "funksjonshemma/funksjonshindra" og "nedsett funksjonsevne"? Drøft i klassen.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er universell utforming?

Universell utforming er ein måte å planleggje og byggje opp samfunnet på slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir ein del av samfunnet (integrert).

Fagstoff
Funksjonsmangfald

Det finst eit mangfald av ulike måtar å fungere på. Kva utfordringar møter dei av oss som har ei funksjonsnedsetjing, i Noreg i dag?