ADL – aktivitetar i dagleglivet
Det er vanleg å dele ADL i to ulike kategoriar: primære ADL og instrumentelle ADL.
Primære eller personlege ADL vil seie dei aktivitetane som er ein del av privatlivet vårt. Det kan vere å stå opp av senga om morgonen, gå på toalettet, vaske oss, ta ein dusj, kle på oss og ete. Dette er dei grunnleggjande aktivitetane vi gjer for å ta vare på oss sjølve.
Instrumentelle ADL handlar om meir krevjande aktivitetar. Det kan vere å ta hand om hus og heim ved å lage mat, dekkje bordet, gjere husarbeid, passe barna og halde orden på økonomien.
Instrumentelle ADL omfattar òg aktivitetar vi gjer utanfor heimen og i samhandling med andre: gjere innkjøp, ta bussen, køyre bil, gå på skulen, vere på jobb og delta i ulike aktivitetar på fritida.
Dei fleste aktivitetane i kvardagen, til dømes aktivitetar på skulen, arbeidsplassen eller i fritida, inneheld fleire ADL-komponentar frå både primære ADL og instrumentelle ADL.
Utfordringar til deg
- Lag ei oversikt over alle aktivitetane du gjennomfører kvar dag, frå du står opp til du legg deg om kvelden. Del desse aktivitetane inn i primære ADL og instrumentelle ADL.
- Kva ADL-ferdigheiter har du som gjer at du meistrar alle desse aktivitetane?
Oppsummer erfaringane i samla klasse. - Kvifor er det nyttig for ein framtidig helsefagarbeidar å lage ei slik liste?