Hopp til innhald
Fagartikkel

ADL-trening

ADL-trening er trening for å meistre aktivitetane i dagleglivet. For menneske med nedsett funksjonsevne er ADL-trening ein viktig del av både habilitering og rehabilitering. Å meistre aktivitetane i dagleglivet er viktig for både fysisk og psykisk helse.

Fysisk bidreg ADL-treninga til auka muskelstyrke og rørsle. I tillegg blir vi meir sjølvstendige, får auka sjølvbilete og betre livskvalitet når vi føler vi meistrar noko. Målet med treninga er at brukaren skal bli mest mogleg sjølvhjelpen.

Individuell tilpassing

Det er individuelt kva ferdigheiter den enkelte treng trening i. Vi må kartleggje ADL-ferdigheitene til den enkelte brukaren for å vite kva slags tilrettelegging og trening personen treng. Dette gjer vi ved å observere brukaren og snakke med han eller ho og eventuelt pårørande.

Fleire yrkesgrupper bør vere involverte i kartlegging og planlegging av ADL-trening, mellom dei helsefagarbeidaren. Ergoterapeutar og fysioterapeutar har ofte ei særskild og sentral rolle i dette arbeidet. Gjennom kartlegginga blir det avdekt kva avgrensingar brukaren har, og kva ferdigheiter og ressursar han eller ho har.

Planlegging av ADL-trening

Når vi planlegg ADL-trening, er det viktig at vi hovudsakleg fokuserer på moglegheitene og kva som skal til for at brukaren skal kunne meistre mest mogleg sjølv. Samtidig må måla for treninga vere realistiske ut frå kva brukaren faktisk kan og ønskjer å oppnå.

ADL-trening kan skje etter faste planar og til fastsette tidspunkt. Til dømes kan ein brukar ha gåtrening hos fysioterapeut til faste tider i veka. Det er vesentleg at brukaren sjølv opplever at ADL-treninga er nyttig. Han eller ho kan oppleve treninga som meir meiningsfull dersom handlingane har eit konkret og lystprega føremål. Brukaren må få moglegheit til å trene opp spesielle område etter eige ønske, til dømes dersom han eller ho ønskjer å trene seg opp til å kunne spele fotball eller gå til butikken igjen.

Trening i kvardagen

Som helsefagarbeidar bør du òg sjå etter moglegheiter for å trene i dei situasjonane som dukkar opp i løpet av dagen. Det er opplevinga til brukaren av kva han eller ho klarer, som er viktig. Derfor må du la brukaren i størst mogleg grad utføre handlinga sjølv, og du må leggje til rette for eigenomsorg.

Det er viktig at du som helsefagarbeidar er oppteken av å jobbe "med hendene på ryggen". Du skal ikkje ta over for brukaren, men la han eller ho gjere det sjølv berre ved hjelp av litt meir tid. Oppgåva di er å oppmuntre og leggje til rette for at brukaren skal meistre mest mogleg sjølv.

Utfordringar til deg

  1. Kva område innan ADL-trening høyrer med til arbeidsoppgåvene til helsefagarbeidaren?

  2. Kva blir meint med at du skal jobbe "med hendene på ryggen"?

  3. Kva faktorar kan hindre at daglege gjeremål blir nytta som ADL-trening?

  4. Korleis kan du leggje til rette for at fleire eigenomsorgsaktivitetar blir nytta til ADL-trening? Diskuter med ein medelev.

Relatert innhald

Fagstoff
Tverrfagleg samarbeid

Tverrfagleg samarbeid er når fleire yrkesgrupper med ulik kompetanse arbeider saman for å ta vare på dei heilskaplege behova til ein pasient eller brukar.

Fagstoff
ADL og hjelpemiddel

Som helsefagarbeidar er det viktig at du kjenner til dei vanlegaste hjelpemidla og korleis brukaren skal gå fram for å søke om hjelpemiddel.