Hopp til innhald

Fagstoff

Tverrfagleg samarbeid

Tverrfagleg samarbeid er når fleire yrkesgrupper med ulik kompetanse arbeider saman for å ta vare på dei heilskaplege behova til ein pasient eller brukar. Det er alltid målet til brukaren eller pasienten som skal liggje til grunn for det tverrfaglege samarbeidet.
Helsefagarbeidarar og legar har samarbeidsmøte. Fem personar sit rundt eit møtebord, nokon av dei har papir framfor seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


Tverrfagleg samarbeid sikrar at brukarar og pasientar får eit individuelt tilpassa og heilskapleg tenestetilbod fordi fagpersonar med ulik kompetanse kan arbeide saman mot eit felles mål.

Føresetnader for tverrfagleg samarbeid

For at det tverrfaglege samarbeidet skal fungere, er det viktig at dei alle dei involverte fagpersonane har ein trygg og tydeleg fagleg identitet frå yrket sitt. Fagkunnskapen til dei ulike fagpersonane må anerkjennast som likeverdig, og som helsefagarbeidar må du vere klar over kva som er innanfor kompetansen din, og kva andre yrkesgrupper kan bidra med. Det må derfor bli sett av tid til samarbeidsmøte og til utvikling av kompetanse om dei andre fagfelta.

Brukarmedverknad

Brukarmedverknad er sentralt i tverrfagleg samarbeid. Målet for arbeidet skal vere målet til brukaren, og det er viktig at dei ulike yrkesgruppene er klar over dette og arbeider mot same mål. Som helsefagarbeidar kan det vere vanskeleg å dekkje behovet til alle brukaren innanfor kompetanseområdet ditt, men i samarbeid med ulike fagpersonar med ulik innfallsvinkel er det enklare å sjå heilskapen og finne løysingar.

Behov for koordinering

Det tverrfaglege samarbeidet kan bestå av ulike fagpersonar innan helse- og omsorgstenestene, men òg frå andre sektorar som skule, Nav eller private tenestetilbod. For å sikre at brukaren får eit heilskapleg tilbod, er derfor koordinering av tenestene ein viktig del av det tverrfaglege samarbeidet, og då kan ein individuell plan vere eit nyttig verktøy.

Utfordringar til deg

  1. Kva yrkesgrupper samarbeider helsefagarbeidaren ofte med?
  2. Kva kompetanse kan du som helsefagarbeidar bidra med i samarbeid med andre yrkesgrupper?
  3. Kvifor er det viktig å tenkje på brukarmedverknad i eit tverrfagleg samarbeid?

Relatert innhald

Individuell plan er eit verktøy for samarbeid mellom brukaren og dei ulike tenesteytarane. Planen skal ta utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og behov.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2020

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid og heilskapleg pasientforløp