Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av tvang

Bruk av tvang skal som hovudregel ikkje gå føre seg i helse- og omsorgstenesta, men i nokre tilfelle er det likevel ikkje til å unngå når alle andre løysingar er freista. For å verne om rettstryggleiken til pasientar og brukarar skal vedtak om bruk av tvang alltid vere forankra i lovverket.
Nærbilete av to hender som held kvarandre, ei ung og ei gammal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bruk av tvang i helse- og omsorgstenesta er regulert i fleire lover som skal sikre forsvarlege tenester og hindre ulovleg bruk av tvang. Felles for alle er at tiltak som inneber bruk av tvang, alltid skal vere i samsvar med lovverket, og at alle andre løysingar skal vere prøvde før ein gjer vedtak om bruk av tvang og makt.

Tenk over

All behandling og helsehjelp skal i utgangspunktet skje frivillig, men kva om

  • sjølve sjukdommen eller skaden gjer at pasienten ikkje kan gi samtykke til naudsynt helsehjelp?

  • personar takkar nei til behandling og dermed set livet og helsa til andre menneske i fare?

Umiddelbar hjelp

Helsepersonellova § 7 seier at helsepersonell straks skal gi helsehjelp ved akutt skade eller sjukdom sjølv om pasienten ikkje kan eller vil gi samtykket sitt. Dersom du kjem til ein ulykkesstad eller ein annan situasjon der det er behov for umiddelbar hjelp, skal du med ein gong setje i verk tiltak. Dette gjeld òg i tilfelle der personen motset seg helsehjelpa.

Personar som får helsehjelp

Pasient- og brukarrettslova § 4 bokstav A handlar om bruk av tvang overfor pasientar over 16 år som allereie får helsehjelp, men som av ulike årsaker manglar samtykkekompetanse. Dette kan vere personar med demens, hjerneskadar eller psykisk utviklingshemming som motset seg naudsynt helsehjelp på grunn av helsetilstanden sin. Det kan vere daglegdagse gjeremål som hjelp til å ta vare på den personlege hygienen sin, eller meir avgrensa prosedyrar som medisinske undersøkingar eller tannbehandling.

Målet med dette er å yte naudsynt helsehjelp som ein går ut frå at pasienten ville takka ja til dersom samtykkekompetansen var intakt, og som er avgjerande for hinder vesentleg helseskade. Lova skal òg førebyggje og avgrense bruken av tvang, og både pasient og pårørande kan klage til statsforvaltaren dersom dei er usamde i vedtaket. Statsforvaltaren skal uansett vurdere om vedtaket framleis er naudsynt dersom det varer meir enn tre månader.

Tenester for personar med psykisk utviklingshemming

Helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 regulerer bruk av tvang og makt i tenesta for personar med psykisk utviklingshemming. Dette handlar om svært inngripande tiltak eller tiltak som den som får tenestene, motset seg. Dette handlar om tiltak som er naudsynte for at brukaren ikkje skal utsetje seg sjølv, andre menneske eller gjenstandar for skade. Alle tiltak skal dokumenterast skriftleg, og også her må vi prøve andre løysingar før vi kan setje i verk tiltak som inneber tvang eller makt.

Psykisk helsevern

Innan psykisk helsevern er regelverket for bruk av tvang regulert i psykisk helsevernslova. For personar med psykisk sjukdom kan manglande innsikt i eigen helsetilstand og fornekting av behovet for helsehjelp vere ein del av sjukdomsbiletet. Tvang kan derfor vere naudsynt for å gi pasienten naudsynt helsehjelp, men samtidig kan bruken av tvang påverke relasjonen og tilliten til helsepersonell.

For å kunne gjere vedtak om tvang innan psykisk helsevern er det ein føresetnad at pasienten har ei alvorleg sinnsliding og at manglande helsehjelp forverrar moglegheitene for betring, eller at pasienten er til fare for seg sjølv eller andre.

Eldre kvinne held hendene framfor ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rusomsorga

Personar som er avhengige av rusmiddel, kan i samsvar med lov om helse- og omsorgstenester blir lagde inn eller bli haldne tilbake i institusjon dersom dei utset den fysiske eller psykiske helsa si for fare med omfattande bruk av rusmiddel. Gravide rusmisbrukarar kan takast inn på institusjon utan samtykke for heile svangerskapet dersom det er sannsynleg at barnet vil bli fødd med skade på grunn av rusmiddelbruk. Tvangstiltak som gjeld gravide rusmisbrukarar blir gjort av Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker.

Smittevern

Smittevernlova skal sikre behova til den enkelte og samfunnet for smittevern samtidig som ho skal ta vare på rettstryggleiken til enkeltpersonar som blir omfatta av smitteverntiltak. Dersom du har grunn til å tru at du er smitta med ein allmennfarleg smittsam sjukdom, har du plikt til å gi beskjed og gi naudsynte opplysingar om truleg smittekjelde og moglege smittemottakarar. Den som er smitta, har ikkje plikt til å få behandling, men er pålagt å følgje smittevernrettleiinga frå lege eller anna helsepersonell. Tvang kan nyttast dersom ein smitta person motset seg tiltak som kan førebyggje eller forhindre smittespreiing.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaker til at personar ikkje ønskjer å få helsehjelp?

  2. Korleis kan du førebyggje bruk av tvang på praksisstaden din?

  3. Kva for nokre av smitteverntiltaka som vart sette i verk i samband med covid-19-pandemien, kan reknast som tvang?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2019, 1. juli). Lovverk og smittevern – veileder for helsepersonell. Henta 12. november 2020 frå https://www.fhi.no/nettpub/smittevernveilederen/temakapitler/lovverk-og-smittevern/

Helsedirektoratet. (2015, oppdatert 11. januar 2021.) Pasient- og brukerrettighetsloven med kommentarer. [Rundskriv]. Henta 12. mai 2021 frå https://www.helsedirektoratet.no/rundskriv/pasient-og-brukerrettighetsloven-med-kommentarer

Helse- og omsorgstenestelova. (2011). Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (LOV-2011-06-24-30). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2011-06-24-30

Helsepersonelloven. (1999). Lov om helsepersonell m.v. LOV-1999-07-02-64. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-64

Pasient- og brukarrettslova. (1999). Lov om pasient- og brukerrettigheter. LOV-1999-07-02-63. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-63

Psykisk helsevernslova. (1999). Lov om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern. LOV-1999-07-02-62. Lovdata. https://lovdata.no/lov/1999-07-02-62

Statsforvaltaren. (2021, 1. mars). Tvang. Henta 12. mai 2021 frå https://www.statsforvalteren.no/nn/portal/Helse-omsorg-og-sosialtenester/Tvang/

Relatert innhald

Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonellova) er ei lov som skal bidra til tryggleik, kvalitet og forsvarlegheit av tenestene.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid og heilskapleg pasientforløp