Hopp til innhald

Fagstoff

Individuell plan

Individuell plan er eit verktøy for å lage eit tenestetilbod som er tilpassa behovet til brukaren. Planen skal vere eit verktøy for samarbeid mellom brukaren og dei ulike tenesteytarane, og han skal vere ei oversikt over tiltak og mål det skal jobbast etter.
Kvinne hjelper ein mann i rullestol på handletur i daglegvarebutikken. Foto.

Individuell plan er først og fremst berekna på brukarar med behov for langvarige og koordinerte tenester innan helse- og oppvekstsektoren. Planen skal ta utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og behov.

Døme

Ein mann på 22 år har cerebral parese (CP). Han har få vener og fell ofte utanfor i sosiale situasjonar. På grunn av redusert kontroll over motoriske rørsler treng han hjelp med oppgåver som av- og påkledning, personleg hygiene og måltid. Han prøver å bidra sjølv så godt han klarer, men burde trene meir målretta med fysioterapeut for å halde fysiske evner ved like. Han har dårleg språkforståing, men er flink til å uttrykkje seg munnleg om eigne ønske og behov. I ei slik sak er det mange partar som må involverast.

Målsetjing

Vi kan tenkje oss at det langsiktige målet for brukaren er å ha eit godt liv og fungere mest mogleg sjølvstendig. Han treng hjelp med grunnleggjande oppgåver som å stå opp, gjennomføre måltid, personleg hygiene og å leggje seg. I tillegg vil han kunne ha stor nytte av bistand til å få eit betre sosialt liv, til dømes gjennom støttekontakt. Det bør òg vurderast om han bør ha bistand frå fysioterapeut med tilrettelagd trening.

Andre instansar

Logoped kan òg bli involvert for å jobbe med auka språkforståing, eller det kan søkjast om vaksenopplæring dersom dette er føremålstenleg. Nav bør bli involvert for å skaffe han ein tilpassa jobb. Sjølv om mannen er vaksen, kan foreldre og familie vere viktige ressurspersonar når ein skal lage ein individuell plan. Føresetnaden er at mannen er samd i dette.

Vi ser her at ein person som har så mange ulike behov for tenester, treng fagpersonar som samarbeider og bidreg med kompetansen sin. Det er òg viktig at alle blir samde om kva mål ein skal jobbe for. Derfor bør det lagast ein individuell plan i dette tilfellet.

Utfordringar til deg

  1. Kva er ein individuell plan?
  2. Kvifor er individuell plan eit nyttig verktøy for ein brukar med langvarige og samansette behov?
  3. Kvifor er det viktig at den individuelle planen tek utgangspunkt i brukaren sine eigne mål og behov?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy, Wenche Heir og Lars Sandlie/Høgskolen i Lillehammer.
Sist fagleg oppdatert 01.12.2020

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid og heilskapleg pasientforløp