Hopp til innhald

Fagstoff

Teieplikt for helsepersonell

Teieplikta inneber at du som helsefagarbeidar ikkje kan dele opplysingar om pasientar og brukarar utan samtykket deira. Føremålet med teieplikta er å sikre at personar ikkje lèt vere å søkje helsehjelp av frykt for at uvedkomande skal få tilgang til dei personlege opplysingane deira.
To helsefagarbeidarar sit på rapportrommet og jobbar saman på ein PC. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naudsynte helseopplysingar

Det er avgjerande for helsetenesta å få tilgang til naudsynte helseopplysingar for å kunne gi best mogleg helsehjelp. Teieplikta er viktig for at pasienten skal ha tillit til at opplysingar som blir gitt i samband med helsehjelp, ikkje blir nytta i andre samanhengar eller utleverte til uvedkomande. I tillegg til helseopplysingar omfattar teieplikta òg annan teiepliktig informasjon. Det kan til dømes vere opplysingar om sosiale relasjonar, smittsame sjukdommar, bruk av rusmiddel eller andre forhold som kan ha betyding for den medisinske behandlinga.

Omfang og varigheit

Teieplikta skal sikre at personlege opplysingar om pasienten ikkje kjem på avvegar. Teieplikta gjeld òg mellom helsepersonell. Det inneber at berre personell som deltek i behandlinga, får opplysingar som er naudsynte for helsehjelpa, og berre dersom pasienten ikkje motset seg at opplysingane blir delte. Pasienten må òg gi samtykket sitt til at du som helsefagarbeidar kan gi opplysingar til pårørande.

Teieplikta gjeld for alle opplysingar du får kjennskap til i eigenskap av å vere helsepersonell, òg om dette er opplysingar du får på fritida. Teieplikta gjeld heile livet sjølv om du sluttar i jobben.

Unntak frå teieplikta

I særlege tilfelle blir teieplikta oppheva av opplysings- og meldingsplikt. I samsvar med smittevernlova er det unntak frå teieplikta for å forhindre spreiing av allmennfarlege smittsame sjukdommar, og meldeplikt til meldingssystemet for smittsame sjukdommar.

Som helsepersonell har du plikt til å varsle politi og brannvesen for å hindre alvorleg skade på personar eller eigedom. I tillegg skal du umiddelbart melde frå til barnevernstenesta

  • ved mistanke om at eit barn blir eller vil bli utsett for alvorleg omsorgssvikt
  • når det er grunn til å tru at eit barn ikkje får naudsynt helsehjelp
  • dersom eit barn viser alvorlege åtferdsvanskar eller misbruker rusmiddel
  • ved mistanke om at eit barn er eller kan bli offer for menneskehandel

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at pasientar har tillit til at helsepersonell overheld teieplikta?
  2. Tenk over moglege situasjonar der ein pasient ikkje ønskjer å gi opp naudsynte opplysingar om seg sjølv. Skriv ned stikkord om kva årsakene til dette kan vere, og diskuter med medelevar.
  3. Korleis kan du som helsefagarbeidar gjere pasienten trygg på at teiepliktig informasjon ikkje kjem på avvegar? Diskuter i klassen.

Kjelde

Helsedirektoratet (2018, 28. juni). § 21 Hovedregel om taushetsplikt – Helsedirektorates kommentarer. https://www.helsedirektoratet.no/rundskriv/helsepersonelloven-med-kommentarer/taushetsplikt-og-opplysningsrett/-21.hovudregel-om-teieplikt

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2020

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid og heilskapleg pasientforløp