Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Regelverk om teieplikt

Teieplikta for helsepersonell heng saman med retten pasienten har til personvern. Fleire av lovene som regulerer helse- og omsorgstenestene, har føresegner som handlar om teieplikta.
Tilsette på ein institusjon i eit møte. Fire kvinner ved eit bord. Det er notatblokker og papir på bordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Bruk fagartiklane i dette emnet og lenkjene til dei ulike lovene for å finne svar på spørsmåla.

  1. Kva lover har føresegner om teieplikt for helsepersonell?
  2. Kva seier pasient- og brukarrettslova om personvern?
  3. For kven gjeld teieplikta ifølgje helsepersonellova?
  4. Kva seier helse- og omsorgstenestelova om teieplikt for personell som ikkje yter helsehjelp?
  5. På kva måtar kan samtykkje til deling av helseopplysingar bli gitt?
  6. Kva opplysingar blir omfatta av teieplikta?
  7. Kva seier lovverket om opplysingar du får kjennskap til utanom arbeidstid?
  8. Kor lenge varer teieplikta?
  9. Kva er straffa for brot på teieplikta?
  10. I kva situasjonar har du som helsepersonell opplysingsplikt og meldeplikt?
  11. Gå saman i grupper og lag eit rollespel eller ein film der de speler ein eller fleire av desse situasjonane:

    1. Du er på kjøpesenteret saman med vener og får auge på ein av brukarane frå praksisstaden din. Brukaren verkar litt flau over å treffe deg, men seier hei og du helsar tilbake. Ein av venene dine spør deg kven det er, og der du kjenner vedkomande frå. Kva svarer du?
    2. På bussen saman med fleire andre menneske sit to lærlingar frå praksisstaden din. Du overhøyrer at dei snakkar om jobben sin og brukarane der. Undervegs i samtalen deler dei informasjon om brukarane som du tenkjer at uvedkomande ikkje skal ha kjennskap til. Kva gjer du?
    3. På morgonmøtet i praksis får du rapport om ein ny brukar. Nokon av kollegaene dine kjenner denne brukaren frå den tidlegare arbeidsstaden sin og byrjar å fortelje intime detaljar om familieforholdet, økonomien og den tidlegare livsførselen til brukaren. Kva gjer du?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2020

Læringsressursar

Tverrfagleg samarbeid og heilskapleg pasientforløp