Gjennomføring av heilskapleg pasientforløp
Kva er kjenneteikna på eit godt heilskapleg pasientforløp?
Kvifor er tverrfagleg samarbeid sentralt i eit heilskapleg pasientforløp?
Kva utfordringar kan oppstå i samarbeidet mellom ulike faggrupper og ulike tenestestader i pasientforløpet?
Ved mistanke om kreftsjukdom skal pasienten visast til pakkeforløp for kreft. Kva inneber det?
Kva er rolla dykkar som helsefagarbeidarar i det heilskaplege pasientforløpet?
Korleis kan de bidra til at alle faggruppene jobbar saman mot målet til pasienten?
Kva rolle speler dokumentasjon for å sikre eit heilskapleg pasientforløp?
Gå inn på nettsida til kommunen eller bydelen dykkar og til helseføretaket dykkar. Lag ei oppsummering av informasjonen de finn om heilskapleg pasientforløp i
kommunen
helseføretaket
Lag ein film eller ein digital presentasjon som viser eit godt heilskapleg pasientforløp.
Ta utgangspunkt i ein pasient eller brukar de har møtt i praksis, eller lag dykkar eiga situasjonsskildring.
Vis kva som er rolla dykkar som helsefagarbeidarar på dei ulike tenestestadene pasienten er innom, og korleis de samarbeider tverrfagleg med andre yrkesgrupper.
Relatert innhald
Tverrfagleg samarbeid er når fleire yrkesgrupper med ulik kompetanse arbeider saman for å ta vare på dei heilskaplege behova til ein pasient eller brukar.