Film og filmklipp
Tverrfagleg samarbeid gir heilskapleg tilbod
Tverrfagleg samarbeid der ulike fagrupper bidreg med kompetansen sin, i tett dialog med brukar og pårørande, er naudsynt for å skape eit godt heilskapleg tilbod. I denne filmen møter du Vetle på 16 år og nokre av yrkesutøvarane som er med på å leggje til rette kvardagen hans.
- Kvifor er det viktig med tverrfagleg samarbeid?
- Kva yrkesgrupper er det vanleg å samarbeide med innan helse- og oppveksttenestene?
Diskuter i klassen:
- På kva måtar kan BPA-ordninga fremje helse og meistring?
- Kva eigenskapar er viktige viss du skal jobbe som BPA?