Fagartikkel
Kvifor brukarmedverknad?
Brukarmedverknad er ein lovfesta rett som gir brukaren rett til å medverke når det gjeld undersøkingar, behandling og val av tenestetilbod. Dette inneber ei plikt for deg som fagarbeidar i helse- og oppveksttenesta til å involvere brukaren.
Brukarmedverknad lèt brukaren ta ansvar for sitt eige liv og sine eigne val ved at han deltek i å planleggje, gjennomføre og evaluere opplegg og tiltak.
Kven brukaren er, avheng av kva sektor du er i. I oppvekstsektoren er brukaren vanlegvis barnet og dei føresette. I helsesektoren er brukaren vanlegvis pasienten eller klienten og eventuelt dei pårørande. På apoteket er det kunden som er brukaren.
- Brukarmedverknad er ein lovfesta rett og dermed noko du som fagarbeidar må ta stilling til i arbeidet ditt.
- Brukarmedverknad er eit verkemiddel for at tilbodet skal bli betre tilpassa brukaren.
- Brukarmedverknad er viktig for å gi menneske større grad av styring over det som skjer i liva deira.
- Brukarmedverknad er å vise respekt for brukaren.
- Brukarmedverknad styrkjer sjølvbiletet til brukaren og dermed motivasjonen til å ta ansvar for sin eigen livssituasjon. Dette kan verke positivt på betringa eller utviklinga til brukaren.
- Brukarmedverknad er lovbestemt og sentralt i heile helse- og oppvekstsektoren.
- Innhaldet i omgrepet kan variere, men det handlar om å sikre at brukaren sjølv får moglegheit til å medverke og ta avgjerder i tilhøve som vedkjem han eller ho.