Hopp til innhald

Fagstoff

Tverrfagleg samarbeid

Tverrfagleg samarbeid handlar om at ulike yrkesgrupper med ulik kompetanse samarbeider om å løyse oppgåver. Som arbeidstakar i helse-og oppvekstsektoren kjem du til å arbeide saman med mange andre yrkesgrupper.
Fire hender med tomlar opp. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I eit tverrfagleg samarbeid er alle rollene viktige. Nokre har spisskompetanse innanfor eit bestemt fagområde, som for eksempel ein psykolog eller ein lærar. Andre har kompetanse til å sikre meir heilheitleg omsorg og service og følgjer i tillegg opp behandling og tiltak som spesialistane har tilrådd. Han eller ho som har direkte kontakt med brukaren i det daglege, har ei særleg plikt til å observere og melde frå når noko ikkje stemmer. Dette kan for eksempel vere at tiltak som er sette i verk, ikkje fungerer som forventa.

I eit tverrfagleg samarbeid er det viktig at du er bevisst på din eigen og andre sin kompetanse. Du må vite kva du sjølv har kompetanse og myndigheit til å utføre, og kva du skal overlate til andre.

Dersom eit tverrfagleg samarbeid skal fungere, må ein ha tillit til kvarandre og den kompetansen samarbeidspartnarane har. Det er viktig å lytte til kvarandre. Samtidig er det viktig at du bidreg med den kompetansen du sjølv har.

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen, Guri Bente Hårberg og Agnes Brønstad.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Brukarmedverknad og tverrfagleg samarbeid