Hopp til innhald
Film og filmklipp

Livskvalitet

Livskvalitet handlar om i kva grad du opplever meining og tilfredsheit i ditt eige liv. Høg livskvalitet kan føre til betre fysisk og psykisk helse, og på same måte kan fysisk og psykisk helse påverke opplevinga av livskvalitet.
Video: Senter for livslang læring ved Høgskolen i Lillehammer / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. I denne filmen fortel fleire personar kva livskvalitet betyr for dei.

    1. Kva for nokre ulike faktorar trekkjer dei fram?

    2. Kva moment blir vektlagde av fleire personar?

  2. Kva er viktig for din livskvalitet?
  3. Korleis kan du som helsefagarbeidar bidra til auka livskvalitet for brukarar av helse- og omsorgstenester?