Film og filmklipp
Kvardagsmeistring for eldre
Kvardagsmeistring for eldre handlar om førebyggjande helsearbeid og å bevare funksjonsevne trass i aukande alder. Dei fleste eldre ønskjer å vere aktive og bu heime lengst mogleg og å kunne utføre dei kvardagslege gjeremåla som er viktige for kvar enkelt av oss.
- Kva betyr det for deg å meistre kvardagen din?
Forklar korleis meistring av eigen kvardag kan påverke
- livsglede og livskvalitet
- fysisk og psykisk helse
- livslengde
- Korleis kan du som helsefagarbeidar bidra til kvardagsmeistring for brukarar av helse- og omsorgstenester? Diskuter i klassen.