Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er kvardagsmeistring?

Å ha kontroll over og meistre vår eigen kvardag er noko vi alle ønskjer. Sjukdom, skade eller andre forhold som påverkar funksjonsnivået mellombels eller permanent, kan føre til utfordringar når det gjeld å meistre aktivitetane i dagleglivet (ADL).
Ung mann med Downs syndrom legg klede i klesskapet sitt under rettleiing frå ei vaksen kvinne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Forklar omgrepa:
    1. kvardagsmeistring
    2. livskvalitet
    3. habilitering
    4. rehabilitering
  2. Drøft korleis kvardagsmeistring kan kallast eit helsefremjande tiltak.
  3. Kvifor er brukarmedverknad sentralt i arbeidet med kvardagsmeistring?
  4. Gå inn på nettsida til kommunen der du bur, og finn ut kva tilbod som finst for kvardagsmeistring for ulike grupper. Ta kontakt med ein av stadene, og be om å få intervjue ein av dei tilsette der viss det er mogleg, eller bruk internett til å finne svar på desse spørsmåla:

    1. Kven er tilbodet for?
    2. Kor mange brukarar er det av denne tenesta?
    3. Kva blir tilbydd der?
    4. Kva yrkesgrupper jobbar der?
    5. Korleis blir tenesta finansiert?
  5. Korleis kan du som helsefagarbeidar skape motivasjon som aukar kvardagsmeistringa til ulike brukargrupper?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Kvardagsmeistring