Hopp til innhald
Fagartikkel

Helsefremmande og førebyggande arbeid

Helsetilstanden i Noreg er god, men han varierer mellom ulike kjønn, sosiale lag, etniske grupper og ulike delar av landet. Som fagarbeidar skal du fremme fysisk og psykisk helse og bidra til ein aktiv og sunn livsstil for brukarar av helse- og oppveksttenester.

Helsefremmande og førebyggande arbeid

Helsefremmande og førebyggande arbeid overlappar kvarandre og skal skje i samarbeid med dei menneska det gjeld.

  • Helsefremmande arbeid er tiltak som betrar livskvaliteten, trivselen og sjansane til å meistre dei utfordringane og det presset ein blir utsett for i dagleglivet.
  • Førebyggande arbeid er tiltak som fører til ein reduksjon i sjukdommar, skadar, sosiale problem, dødelegheit og risikofaktorar.

Helsefremmande arbeid

Helsefremmande arbeid er eit prioritert område både nasjonalt og internasjonalt, og det handlar om å gjere folk i stand til sjølv å ta gode val for si eiga helse. Mennesket skal involverast aktivt i å ta avgjerder om tilhøve som påverkar eiga helse og eigen livskvalitet, og det forutset fokus både på individuelle og samfunnsmessige tilhøve. Faktorar i samfunnet som gir god helse, må styrkast, og faktorar som medfører helserisiko, må svekkast.

Deltaking gir eigarskap og ein større sjanse til å sjå samanhengen mellom livsstil, fysisk aktivitet, kosthald og helse og til å endre noko. Målet er fleire leveår med god helse i heile befolkninga og å redusere helseskilnader mellom ulike sosiale grupper, etniske grupper og mellom kvinner og menn. Tiltaka omfattar heile befolkninga, både friske og sjuke, uavhengig av risikoen for sjukdom.

Den norske folkehelsa

Helseåtferd er livsstil og levevanar som har stor verknad for helsa, mellom anna kosthald, fysisk aktivitet, røyking og alkoholbruk. Kva for helseåtferd vi vel, er i stor grad bestemt av det sosiale miljøet. Det er sosial skilnad i helse. Blant personar med låg utdanning og låg inntekt er helsa gjennomgåande dårlegare enn hos dei med høg utdanning og høg inntekt. Utdanning er difor eit av dei viktigaste tiltaka i helsefremmande arbeid.

Mykje tyder på at sosiale skilnader i levevanar speler ei rolle for kvifor det oppstår sosiale skilnader i helse. Døme på helseplager som er skeivt fordelte i befolkninga, er hjarte- og karsjukdommar, overvekt og type 2-diabetes.

Døme på helsefremmande tiltak:

  • helseopplysnings-kampanjar
  • tiltak retta mot barn og unge
  • tiltak retta mot lokalsamfunnet
  • tiltak retta mot livsstilsrettleiing i helsetenesta

Utfordringar til deg

  1. Kva er skilnaden på helsefremmande og førebyggande tiltak?
  2. Kvifor trur du at utdanning er eit av dei viktigaste tiltaka i helsefremmande arbeid?
  3. Gå inn på heimesida til kommunen der du bur. Kva helsefremmande tiltak finst her?
  4. Kva helsefremmande tiltak finst på skulen din? Diskuter i klassen.

Relatert innhald