Hopp til innhald
Oppgåve

Kva veit eg? Psykisk helse

Kva er psykisk helse? Lytt til ein podkast med komikar Jonis Josef og psykolog Magnus Nordmo og reflekter over di eiga og andre si psykiske helse.

Oppgåve 1. Kva er psykisk helse?

Før du lyttar til podkasten

  1. Kva er psykisk helse?

  2. Kvifor er det viktig å snakke om psykisk helse?

Oppgåve 2. Nøkkelord og refleksjonsnotat

Skriv nøkkelord i boksen under mens du lyttar til podkasten.

Mann med svart krøllete hår og skjegg poserer framfor eit mikrofonstativ. Foto.
Kva veit eg?

Psykisk helse

Psykolog Magnus Nordmo snakkar med Jonis Josef om psykisk helse. Dei diskuterer mellom anna kva psykisk helse er, og korleis vi kan ta vare på vår eiga og andre si psykiske helse.

0:00
-0:00
Podkast: Både Og / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 3. Spørsmål til podkasten

Lytt til podkasten om psykisk helse og svar på spørsmåla.

  1. Kva er psykisk helse, ifølge psykolog Magnus Nordmo?

  2. Korleis har synet på psykisk helse forandra seg dei siste femti åra?

  3. Kva kan vere årsakene til at fleire ungdommar i dag rapporterer om psykiske plager?

  4. Kva kan du gjere for å ta vare på di eiga psykiske helse?

  5. Korleis kan det å presse seg sjølv og oppleve meistring bidra til å styrke den psykiske helsa di?

  6. Korleis kan du hjelpe ein venn eller ein du kjenner som har psykiske utfordringar?