Kven har ansvaret for helsa vår?
Dei fleste av oss får før eller sidan ansvar for korleis vi vil leve. Kosthaldet er ein viktig del av helsa, og med kunnskap innanfor fagområdet kan du gjere kloke val for deg og dine. Som fagarbeidar vil du måtte rettleie andre og dessutan og få eit medansvar når det gjeld kva som blir servert av mat og drikke i barnehagar, helseinstitusjonar og heimebaserte tenester.
Førebygging er eit satsingsområde innanfor norsk helsepolitikk. Viss vi førebygg meir, kan vi reparere mindre. Det blir både betre for den enkelte og billegare for samfunnet. Det offentlege, representert med staten og den kommunen du bur i, må ha ansvar for å leggje til rette for fysisk aktivitet og opplysing om kosthald.
Deretter kjem våre eigne val inn i biletet. Korleis vel du å leve livet ditt? Vel du å vere fysisk aktiv og følgje dei kosthaldsråda du er blitt kjent med? Eit samarbeid mellom det offentlege og den enkelte er kanskje den beste løysinga. Livsstilen vi vel er også påverka av kva slags samfunn vi lever i.
Styresmaktene kan bruke ulike verkemiddel for å påverke kostvanane våre. Døme er
- prissetjing
- undervisning og opplysing
- skulefrukt- og skulemjølkordningar
Å setje ned prisen på matvarer som er sunne vil vere effektivt for å få folk til å endre både innkjøps- og kostvanar. Dette er likevel eit tiltak som i liten grad har vore brukt. Undervising og opplysning er derimot eit mykje brukt tiltak, og du kan sikkert hugse opptil fleire kampanjar gjennom både aviser, vekeblad og andre medium. Her er det ikkje berre ernæringsstyresmaktene som spreier viktig informasjon om kosthald og helse, men også frivillige organisasjonar som Kreftforeningen, Nasjonalforeningen for folkehelsen og i den seinare tida også stader på Internett.
Det verkemidlet du kjenner mest til, er sikkert ordninga med skulefrukt- og mjølk. Skulefrukt er eit ledd i arbeidet med å auke forbruket av frukt og grønsaker blant grunnskuleelevane, og du abonnerte kanskje på frukt - eller til og med fekk det gratis - da du gjekk i grunnskulen.
Det er viktig at skuleelevane får både mat og drikke regelbunde gjennom arbeidsdagen. Når vi veit at mange elevar - særleg på ungdomstrinnet - ikkje har med seg matpakke, vil ei ordning med gratis frukt og mjølk vere eit verkemiddel som vil føre til at elevar frå alle sosiale lag vil auke inntaket av desse matvarene. Forsøk som er gjort viser at dette er tilfellet.