Sosial ulikskap i helse
Sjå filmen og artikkelen frå Folkehelseinstituttet om sosiale helseforskjellar før du jobbar med oppgåvene.
Lag din eigen definisjon av omgrepet "sosial ulikskap".
Kva for nokre sosiale faktorar har mykje å seie for helsa di og for folkehelsa?
Korleis kan utdanningsnivået til foreldra dine påverke helsa di og kor lenge du lever?
Kva helsefremmande val kan du gjere for å di eiga helse og for helsa til andre?
Kva tiltak kan samfunnet gjere for å jamne ut sosiale helseforskjellar?
Fullføringsreforma, som tredde i kraft hausten 2022, inneber at alle som startar i vidaregåande opplæring, har rett til å fullføre utdanninga. Kvifor er utdanning så viktig for utjamning av sosiale helseforskjellar?
Bruk Statistisk sentralbyrås nettside Gjennomføring i videregående opplæring for å finne ut kor mange som gjennomfører vidaregåande skule i løpet av fem eller seks år
i Noreg
i fylket ditt
Bruk Statistisk sentralbyrås nettside Befolkningens utdanningsnivå for å finne ut kor mange prosent av befolkninga over 16 år i Noreg og i fylket ditt som har utdanning på
grunnskulenivå
vidaregåande skulenivå
fagskulenivå
universitets- og høgskulenivå
Korleis har delen kvinner med høgare utdanning endra seg sidan 1985, og kva kan vere årsaker til det?
Leksehjelp, sunn mat på skular og SFO og gratis aktivitetstilbod for barn og unge er døme på tiltak for å jamne ut sosiale helseforskjellar.
Søk på internettsidene til kommunen for folkehelse, utdanning eller barn og unge for å finne tilbod som finst i kommunen din.
Søk på internettsidene til skulen din for å finne ut kva tilbod som finst på skulen.
Målet med fullføringsreforma er at ni av ti skal gjennomføre og bestå vidaregåande opplæring. Kva tiltak meiner de bør setjast inn på skulen for å nå dette målet? Lag ein presentasjon med grunngivingar for forslaga dykkar, og presenter for klassen og/eller elevrådet på skulen.
St.meld. nr. 21 (2020–2021). Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-21-20202021/id2840771/?ch=1
Relatert innhald
Livsstilen din er summen av alle vala du tek kvar dag – val som kva du skal ete, drikke, kor mykje du skal sove, og kor aktiv du skal vere.
Kva for ein livsstil vi har, er eit resultat av kva for val vi har og kva vi vel.