Hopp til innhald

Fagstoff

Val av livsstil

Kva for ein livsstil vi har, er eit resultat av kva for val vi har og kva vi vel. I den vestlege verda er livsstilen til menneska prega av at vi har mange moglege val. Desse ulike alternativa påverkar oss.
Jente som syklar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi tek ei rekkje val kvar einaste dag. Veit du at nokre av vala dine kan føre til at du får dårlegare helse? Er du oppteken av kva som gir deg god helse?

  • Vi kan velje å ha eit sunt eller eit mindre sunt kosthald.
  • Vi kan i mange tilfelle velje om vi vil vere fysisk aktive. Vi kan gå eller sykle til skulen eller ta bussen. Vi kan velje å gå tur eller drive idrett, men vi kan òg velje å la vere.
  • Vi har tilgang på ulike rusmiddel og tobakk, men vi kan velje å ikkje bruke slikt.
  • Mange jobbar mykje og er opptekne av status og karriere. Andre prioriterer familie og fritid. Også her kan vi velje.

Mange vil innvende at det ikkje er så enkelt å velje i alle desse tilfella. Ein må ha ein jobb, og ein må ete òg når ein ikkje har tid til å lage sunn mat. Dette er sjølvsagt riktig, men i mange tilfelle har vi høve til å velje. Og då er det viktig å vite at vala vi tek, har konsekvensar for helsa vår.

To ulike døme til refleksjon

Dømet Gunn

Ung kvinne med snacks, brus og fjernkontroll. Foto.

Gunn droppar frukosten. Ho tek buss til og frå skulen. I første friminutt kjøper ho muffins og brus i kantina. Det er meir freistande enn salat, brød og mjølk. Som skuleelev sit ho i ro ved pulten mesteparten av dagen. På heimvegen kjøper ho seg ein hamburgar og er derfor ikkje særleg svolten når ho kjem til familien sitt middagsmåltid. Ho liker å halde på med stillesitjande aktivitetar som TV-titting og PC utover kvelden.

Dømet Karl

To gode vener. Foto.

Karl tek seg tid til å ete frukost som held han mett utover formiddagen. Han smørjer niste som inneheld brød med ost, leverpostei og grønsaker. Han kjøper kald, frisk mjølk og ei frukt i kantina. Han er òg skuleelev og sit mykje i ro om dagen, men vel å gå eller sykle til og frå skulen. Mosjonen gir energi så han føler seg opplagt. Til middag passar han på å få i seg rikeleg med grønsaker og fisk. Om kvelden er han saman med vener.

Livsstil og eigenomsorg

Eigenomsorg handlar om korleis vi tek vare på oss sjølve. God helse er ikkje noko ein er fødd med eller automatisk kan rekne med å berge heile livet utan eigen innsats. Dei fleste nordmenn har høve til å velje korleis dei vil leve. Livsstilen din kan faktisk ha mykje å seie for kor gammal du kjem til å bli. Stadig blir det lagt fram forsking om kva for faktorar som har positiv og negativ innverknad på helsa. For å kunne ta gode val er det viktig at vi får tak i informasjon og blir medvitne om moglege problem. Barn og unge må lærast opp.

Frå sunt til sjukt

Det å vere ekstremt oppteken av å leve rett og ete sunt blir kalla ortoreksi. Ifølgje Lein (2015) er ikkje ortoreksi ein diagnose, men blir karakterisert som ein type eteforstyrring. Mat, trening, vekt, muskelmasse og prestasjonar får eit altfor stort fokus, noko som fører til at tankegang og interesseområde blir innsnevra.

Ved å forsake godsaker, avslå tid til sosialt samvære og trene til alle tider på døgnet kan ein faktisk gå i motsett grøft. Enkelte bruker medikament i tillegg for å få auka muskelmasse og uthald. Dette kan vere direkte helseskadeleg. Belastningslidingar på grunn av overtrening, eteforstyrringar, rastløyse og usosial livsstil kan føre til stressliknande tilstandar i kroppen. Det er viktig å finne ein balanse mellom aktivitet og kvile, samstundes som måltid bør vere noko sosialt og avslappande.

Utfordringar til deg:

Diskuter i klassen:

  1. Kvifor synest mange det er vanskeleg å velje rett når det gjeld livsstil og helse?
  2. Finn døme på korleis du som fagarbeidar kan leggje til rette for trivsel rundt måltida.

Kjelde:
Lein, Marthe (2015, 19. november). Sunnhetsslave – dette er ortoreksi. NHI.no. Henta frå https://nhi.no/forskning-og-intervju/sunnhetsslave-dette-er-ortoreksi/

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Tove Bostad.
Sist fagleg oppdatert 05.04.2020

Læringsressursar

Livsstil