Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skogens ro?

Å vere ute i naturen kan gi oss overskot og energi til å takle kvardagen. Ta deg ein tur til eit område med natur – merkar du at roa senkar seg?
Ein ung mann med attlatne auge støttar hovudet inntil stammen på eit tre. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Naturopplevingar og det å vere ute kan gi lågare stressnivå og ei kjensle av velvære og meistring. Mange av oss finn ei spesiell ro når vi er ute blant tre, badar i eit vatn eller går på ein sti utan forstyrringar frå skule, jobb og andre plikter. Professor Tove Fjeld, ein av pionerane på fagområdet plantar og helse, slår fast:

Biologisk og fysiologisk er vi der vi var for 10 000 år sidan. Mennesket vil vere ute i naturen, for mykje inneliv påverkar oss negativt. Det vil seie at sjølv om den teknologiske utviklinga har gått fort så har ikkje utviklinga til mennesket gått like fort. Vi har framleis eit behov for å vere ute i naturen.

Statistisk sett vil halvparten av befolkninga i Noreg få ei psykisk liding i løpet av livet, som oftast i form av depresjonar, angstlidingar og misbruk eller avhengigheit av rusmiddel. Ofte blir dette behandla med samtaleterapi og medisinar, men fysisk aktivitet og naturopplevingar har òg vist seg å vere gode behandlingsmetodar som gir auka livskvalitet.

Ut på tur!

  1. Finn ein stad med natur som du ønskjer å vitje. Det kan vere i nærområdet ditt eller ein stad litt lenger borte. Du kan ta ein kort rusletur, ein dagstur eller ein overnattingstur. Vel det som passar deg best. Det viktigaste er at du kjem deg ut på tur.

  2. Når du er på tur: Legg merke til omgivnadene rundt deg, vêr, plantar og dyr, og kjenslene naturen gir deg. Kjenn etter på pusten: Kjenner du deg avslappa?
  3. Legg deg på ryggen og sjå opp. Kva ser du? Prøv å beskrive kva du ser, og korleis du kjenner deg.
  4. Ta gjerne bilete og notat, og skriv ei kort turskildring der du fokuserer på di eiga oppleving av det å vere på tur.

Spørsmål

  1. Kva for nokre positive effektar gir det å vere ute i naturen?

  2. Trur du at det å vere ute kan ha ein god effekt på den psykiske helsa vår?

  3. Korleis kan du bruke det du har opplevd, til å argumentere for å ta vare på det biologiske mangfaldet?

  4. Diskuter: Er det mogleg å måle effekten naturen har på helsa vår?

Vidare arbeid

Det er forska mykje på helseeffektane av naturopplevingar og fysisk aktivitet, som det å gå på tur. I oppgåvene under kan du fordjupe deg i to artiklar om temaet.

Oppgåve 1: stress

Mange opplever mykje stress i kvardagen. Stress over lengre tid kan gi alvorlege helseplager som kan føre til langvarig sjukdom, som depresjon, nakkesmerter og hovudverk.

Les denne artikkelen frå NHI om kva effektar naturopplevingar har mot stress:

  1. Kan du kjenne deg att i kvardagsstresset? Grunngi svaret.

  2. Kva effektar har naturopplevingar mot stress? Trur du dette er effektar folk er bevisste på?

  3. Lag ein kampanje for å opplyse og motivere folk til å utforske naturen.

  4. Diskuter påstanden: «Byliv har negative innverknader på helsa.»

Oppgåve 2: psykiske lidingar

Les denne artikkelen frå Tidsskriftet for Den norsk legeforeining: Fysisk aktivitet for sinnets helse.

Kva for nokre dokumenterte helseeffektar har fysisk aktivitet mot psykiske lidingar og plager?


Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Åse-Torill Knarlag.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2021

Læringsressursar

Livsstil