Hopp til innhald

Fagstoff

Overvekt

Overvekt er ikkje ein sjukdom i seg sjølv, men mange opplever likevel høg kroppsvekt som eit problem. Den gjennomsnittlege auken i kroppsvekt i den norske befolkninga er venta å få konsekvensar for helsa og velferda i framtida, derfor blir stadig meir merksemd retta mot dette problemet.
 Nærbilete av føtene til eit barn på badevekt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er overvekt?

Det å definere overvekt kan vere vanskeleg. Når vi bruker omgrepa overvekt og fedme, meiner vi vanlegvis tilstandar der det er meir feitt på kroppen enn det som er ønskeleg.

For å klassifisere overvekt nyttar vi BMI, som står for Body Mass Index. BMI er eit hjelpemiddel som kan gi oss ein peikepinn på om ein person er overvektig eller ikkje. Sjølv om det ser ut til å vere ein samanheng mellom BMI og sjukdomsrisiko, vil òg faktorar som kroppsbygnad og generell fysisk form spele ei rolle.

Konsekvensane av overvekt

Overvekt og fedme har både fysiske og psykiske effektar. Dei psykiske problema er knytte til sjølvbiletet og eiga oppleving av å ikkje tilfredsstille krava samfunnet stiller til utsjånad, slik det mellom anna blir framstilt i media. I tillegg kan overvekt setje grenser for fysisk utfalding. Det kan òg by på praktiske problem som til dømes at klede ikkje passar, og at sko blir ubehagelege å ha på seg.

Overvekt og fedme ser òg ut til å ha noko å seie for den fysiske helsa vår. Fleire helseproblem aukar med aukande overvekt:

  • hjarte- og karsjukdommar
  • type 2-diabetes
  • gallevegssjukdom
  • visse former for kreft
  • pusteproblem om natta
  • leddplager og belastningslidingar

Årsaker til overvekt

Årsakene til overvekt er samansette, men veldig enkelt kan vi seie at overvekt kjem av at vi tilfører kroppen meir energi enn han bruker. Den viktigaste årsaka til at overvekt er eit aukande problem, er at vi er for mykje i ro både på jobben og i fritida. Få menneske har i dag hardt kroppsarbeid, og vi bruker mykje tid framfor pc-en og tv-en. Ut frå kor fysisk aktive vi er, et mange av oss for mykje og feil mat.

Dessutan spelar både arv, stoffskifte, hormon, psykologi, miljø og sosialøkonomi inn. Dette merkar vi ved at enkelte har lettare for å legge på seg enn andre.

Behandling av overvekt

Det viktigaste tiltaket mot overvekt er endring av kosthaldet. Både samansetnad og mengd er viktig for vekta.

Auka fysisk aktivitet er eit anna viktig tiltak. Dette oppnår ein ved å mosjonere i fritida, men òg ved å bruke kroppen meir i det heile. Å gå til og frå arbeid og skule, og å gå i trapper i staden for å ta heis, er døme på fysisk aktivitet i kvardagen.

Body Mass Index (BMI)

BMI kan gi ein pekepinn på om ein person er overvektig eller ikkje, men andre forhold må òg vurderast.

BMI blir rekna ut med formelen

BMI = kg : m2

  • kg er vekta til personen
  • m er høgda til personen

I tabellen under kan du sjå kva vektstatus ulik BMI tilsvarer.

Vektstatus og BMI

Vektstatus

Body Mass Index, BMI

Normal vekt

18,5–25

Overvekt

25–30

Fedme

30

Fedme grad 1

30–35

Fedme grad 2

35–40

Fedme grad 3

> 40

Helserisikoen som er knytt til overvekt, heng òg saman med fysisk form. Det å vere i god form reduserer risikoen for helseproblem sjølv om BMI er høgare enn tilrådd.

Førebygging

Førebygging av overvekt er eitt av dei viktigaste helsefremmande tiltaka vi kan setje i verk. Som fagarbeidar er det er viktig å være medveten på korleis du kommuniserar om kosthald og vekt, særleg med barn og unge.
 Tallerken som er tredelt med ulike matvarer på kvar tredjedel. Illustrasjon.

Utfordringar til deg

  1. Kva vil det seie å vere overvektig?
  2. Kva er dei viktigaste årsakene til overvekt?
  3. Kvifor er overvekt eit problem som vi som samfunn tek stilling til?
  4. Korleis kan vi motverke overvekt hos ulike grupper som barn, ungdom eller eldre? Kva kan samfunnet gjere, og kva kan kvar enkelt gjere?
  5. Som framtidig fagarbeidar skal du arbeide helsefremmande. Kvifor er det helsefremmande å motverke overvekt hos brukarar? Set opp ei liste med minst fem punkt.
  6. Les kostråda frå Helsedirektoratet. Lag eit oversyn over hovedpunkta.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Trine Merethe Paulsen. Rettshavar: Norsk Helseinformatikk
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Livsstil