Hopp til innhald
Film og filmklipp

Endringar i livsstil

Mange foreldre er svært medvitne om aktivitet og riktig kosthald mens barna bur heime. For enkelte varer den sunne livsstilen heile livet, men i denne filmen kan du sjå at nokon blir mindre opptekne av levevanene sine etter kvart som åra går.
Video: Høgskolen i Bergen / CC BY-NC-SA 4.0

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaka til at nokon blir mindre fysisk aktive når dei blir eldre?
  2. Kva andre risikofaktorar for helse blir nemnde i filmen?
  3. Korleis kan du som fagarbeidar motivere menneske til å velje ein helsefremjande livsstil?