Film og filmklipp
Vi spør barn: Kva er lykke?
Dersom du spør mange personar om kva lykke er, vil du truleg få fleire ulike svar. I dette filmklippet frå NRK møter vi barn som fortel kva lykke vil seie for dei.
Utfordringar til deg
- Kva moment trekk barna fram når dei skal fortelje kva lykke er?
- Kva er viktig for at du skal føle deg lykkeleg?
- Korleis kan du bidra til at andre opplever lykke?