Hopp til innhald

Fagstoff

Risikofaktorar

Risikofaktorar er omstende som kan auke faren for at du skal utvikle enkelte sjukdommar eller helseplager. Nokre faktorar har vi ingen kontroll over, men som fagarbeidar skal du rettleie brukarane til å minske risikoen for sjukdom ved å velje ein sunn og aktiv livsstil.
Jente ligg på sofa med PC og mobil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er fleire faktorar som fører til risiko for helseproblem. Når fleire risikofaktorar blir samankopla, aukar faren for sjukdom eller tidleg død. Som fagarbeidar kan du rettleie brukarane til å endre levevaner og minske eller fjerne risikofaktorar som vedkommande sjølv har innverknad over.

Arvelege anlegg

Arvestoffet i cellene våre består av gen som gir oss anlegg for ei rekkje eigenskapar. Gen blir overførte frå ein generasjon til neste, og ein del sjukdommar og lidingar har ein tendens til å gå att i familiar. Det fører til at trass i ein sunn livsstil med variert kosthald og mykje aktivitet har ein likevel ein auka risiko, fordi gena har ein disposisjon for bestemde sjukdommar. Alle som har arvelege anlegg for ein sjukdom, treng ikkje nødvendigvis å utvikle han, men fordi risikoen er høgare enn for andre, er det viktig å kompensere ved å unngå dei andre risikofaktorane.

Miljømessige faktorar

I tillegg til arvelege faktorar kan miljøet du veks opp i, påverke helsa di. Dette gjeld både det fysiske miljøet, som butilhøve, forureining og livsstil, og faktorar som utdanning og sosial status. Menneske med høg utdanning har ofte god økonomi og dermed større moglegheit til å gjere gode helseval både når det gjeld kvar dei skal bu, og kva dei skal ete, enn personar som ikkje har økonomisk valfridom. Vi blir òg påverka av vala familie og venner gjer når det gjeld både kosthald, aktivitet og levevaner.

Lågt aktivitetsnivå

Mangel på aktivitet er ein betydeleg helserisiko. I samfunnet i dag sit vi mykje stille framfor skjermar, og ei undersøking gjort av Folkehelseinstituttet og Noregs idrettshøgskule i 2018 viste at under halvparten av norske 15-åringar følgjer tilrådingane om minst 60 minutt moderat til fysisk aktivitet kvar dag. Manglande mosjon aukar faren for overvekt, som igjen kan føre til mindre fysisk aktivitet fordi det blir tyngre å gjennomføre. Dette fører ofte til endå meir overvekt, og personen hamnar i ein vond sirkel.

Fysisk aktivitet er ein av dei viktigaste faktorane for å fremje både fysisk og psykisk helse. Regelmessig mosjon bidreg til auka blodsirkulasjon, sterkare hjarte og større musklar. Ein veltrena person toler meir, både fysisk og psykisk. Viss ein trenar saman med andre blir det òg sosialt. Kva treningsform ein vel, har mindre å seie, det viktigaste er å finne ein aktivitet ein liker, slik at det blir ein vane.

Trening på grasplen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kosthald

Kosthaldet i Noreg har ifølgje Helsedirektoratet hatt ei positiv utvikling over tid. Forbruket av sukker har gått vesentleg ned, men likevel er inntaket av både sukker, salt og metta feitt betydeleg høgare enn tilrådd. For å førebyggje livsstilssjukdommar som diabetes type 2 og hjarte- og karsjukdom er tilrådingane å ete meir frukt, grønsaker og grove kornprodukt, og at vi skal redusere inntaket av raudt og omarbeidd kjøt.

Røyking og bruk av snus

Tobakk inneheld nikotin, eit giftstoff ein kan bli avhengig av, og som liknar på hjernen sitt eigne signalstoff. Nikotin fører til at blodårene trekkjer seg saman og blir trongare, blodtrykket stig og pulsen aukar. Ved røyking blir nikotinet overført til blodbanen i lungene og blir derifrå transportert raskt til hjernen. Ved snusing tek det litt lengre tid fordi nikotinet blir teke opp i slimhinnene før det blir overført til blodbanen, men til gjengjeld varer effekten lenger.

Røyking er skadeleg for både blodsirkulasjonen og luftvegane. Den som røykjer, inhalerer tjære og nikotin frå munnen og heilt ned til lungene. Røyking aukar risikoen for sjukdommar som KOLS, hjarte- og karsjukdom, hjerneslag og fleire former for kreft. Bruk av snus er ikkje like skadeleg som røyking, men inneheld òg stoff som er skadelege for helsa. Ifølgje Folkehelseinstituttet fører bruk av snus til auka risiko for kreft, hjarte- og karsjukdom og diabetes type 2.

Inntak av alkohol

Alkohol er for mange ein sjølvsagd del av festlege høve, men er òg eit betydeleg folkehelseproblem. Ein kan bli avhengig av alkohol, og det er ein av dei viktigaste risikofaktorane for sjukdom og skader. Både høgt forbruk over tid og høge enkeltinntak fører til auka risiko for ei rekke helseproblem i tillegg til sosiale og økonomiske konsekvensar for både brukaren sjølv og andre.

Stress

I kvardagen er det mange som kjenner seg stressa fordi det alltid er noko ein skal rekke, eller fordi ein har for mange oppgåver som skal løysast på for kort tid. Vi opplever forventingar frå ulike kantar, og nokon stiller svært høge krav til seg sjølv. Vi samanliknar oss sjølv og livet vårt med det vi ser i sosiale media, og for mange fører det til misnøye med sitt eige liv. Fordi vi alltid er tilgjengelege via mobiltelefon eller andre medium, kan det vere vanskeleg å kople heilt av. Det fører til at mange slit med søvnvanskar og ei kjensle av å vere konstant trøytt. Stress i seg sjølv gjer oss ikkje sjuke, men stress som blir for intenst eller går over føre seg for lang tid, kan vere ein risikofaktor for helsa.

Utfordringar til deg

  1. Kva gjer du for å minske risikoen for at du sjølv skal få helseproblem?
  2. Korleis kan du som fagarbeidar hjelpe brukarar av helse- og oppveksttenester til å unngå risikofaktorar?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2019). Barn og unge er ikkje nok fysisk aktive. Henta frå https://www.fhi.no/nyheter/2019/barn-og-unge-er-ikkje-nok-fysisk-aktive/

Folkehelseinstituttet. (2019). Helserisiko ved snusbruk. Henta frå https://www.fhi.no/publ/2019/helserisiko-ved-snusbruk2/

Folkehelseinstituttet. (2019). Oversikt over Alkohol i Norge: Et folkehelseperspektiv på alkohol. Henta frå https://www.fhi.no/nettpub/alkoholinorge/beskrivelse-av-rapporten/oversikt-over-alkohol-i-norge-et-folkehelseperspektiv-pa-alkohol/#helsemessige-og-sosiale-konsekvenser

Helsedirektoratet. (2019). Utviklingen i norsk kosthold. (Rapport IS-2866). Henta frå https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/utviklingen-i-norsk-kosthold/Utviklingen%20i%20norsk%20kosthold%202019%20%E2%80%93%20Kortversjon.pdf

Helsedirektoratet. (2018). Helseskader ved røyking. Henta frå https://helsenorge.no/rus-og-avhengighet/snus-og-roykeslutt/helseskader-av-royking

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 12.02.2020

Læringsressursar

Livsstil