Stress
Det at vi har evne til å bli stressa, er positivt. Kroppen førebur seg på det ekstra arbeidet ein utfordrande situasjon krev, og vi blir i stand til å yte litt meir når det trengst. Stress i seg sjølv gjer oss ikkje sjuke, men stress som blir for intenst eller går føre seg over for lang tid, kan påverke helsa.
Fysisk stress inneber at kroppen blir utsett for fysiske belastingar. Ein idrettsutøvar utsett ofte kroppen for mykje fysisk stress og må kvile for å ta seg inn att. På same måte kan du vere sliten etter ein travel dag på jobb eller skule, og du treng å slappe av for å kunne prestere att.
Psykisk stress oppstår når ein person opplever at krava og forventingane frå omgivnadene er høgare enn kapasiteten ein har. Det kan vere at du har for mange arbeidsoppgåver du må gjere, eller for kort tid til å gjere dei. Psykologisk stress kan også oppstå som følgje av traumatiske opplevingar som ulykker, overgrep eller brått tap av nære personar.
Det er naturleg å bli sliten etter ein anstrengande dag og så bli opplagt att etter å ha kvilt seg. Når vi derimot ikkje får kvilt oss eller framleis er slitne etter å ha kvilt, kan det vere eit teikn på usunt stress. Følgjande kan også vere symptom på stress:
- kjenslemessig ustabilitet, angst og depresjon
- søvnvanskar og vedvarande trøttheit
- fysiske symptom som hjartebank, magesmerter, hovudpine, muskel- og skjelettsmerter
Det er store individuelle skilnader, og nokon kan ha eit hektisk tilvære over lang tid utan at det påverkar helsa. Når vi opplever ein stressande situasjon, aukar produksjonen av stresshormona adrenalin og kortisol som gjer kroppen klar til kamp. Dersom vi løyser utfordringa som stressar oss, går alarmtilstanden i kroppen raskt ned att, og produksjonen av stresshormon går ned. Viss den stressande situasjonen derimot ikkje blir handsama, vil kroppen vere i konstant beredskap, og dette er skadeleg for helsa.
Å førebyggje stress betyr ikkje nødvendigvis å unngå stressande opplevingar, det er kanskje verken mogleg eller ønskjeleg. Målet er å finne måtar å handsame slike opplevingar på som reduserer dei negative kjenslene.
Første tiltak er å prøve å gjere noko med den situasjonen som utløyser stress. Andre tiltak kan vere å
- arbeide med negative kjensler, mellom anna ved å gi seg sjølv nok tid i til dømes ein sorgprosess
- be om hjelp dersom dette kan lette situasjonen, til dømes ved store utfordringar
- seie frå dersom forventingane frå omgivnadene er for store
- setje ned tempoet og fire på krava der det er mogleg
- ta kontroll over situasjonen – meistring reduserer stress
- søke medisinsk hjelp viss det er naudsynt
- seie frå til din næraste leiar dersom du opplever jobbsituasjonen som uhandterleg
- bruk pausar, feriar og helger til å kvile og gjere ting som gir avveksling og "påfyll"
Det er viktig å vere føre var og ta tak i problema i tide. Når ein person har opplevd stress over lang tid, kan det vere krevjande å ta tak i situasjonen. Personar med stressrelaterte sjukdommar treng både helsehjelp og tiltak for å førebyggje tilbakefall eller forverring av tilstanden.
Utfordringar til deg
- Tenk på ei situasjon der du kjente deg stressa. Kva var årsaka til at du kjente deg stressa då?
- Kva gjer du for å meistre situasjonen når du kjenner deg stressa?
- Samanlikn svaret ditt i oppgåve 2 med svaret til ein medelev. Har de same strategi for å sandsame stress, eller kan de lære noko av kvarandre?