Hopp til innhald
Oppgåve

Endring av livsstil

Ein sunn livsstil kan gi deg betre helse og livskvalitet. Som fagarbeidar innan helse- og oppvekstfag skal du i tillegg til å ta vare på di eiga helse òg jobbe for å betre både helsa til andre og folkehelsa. Korleis står det til med levevanane dine?

For at du som fagarbeidar skal kunne rettleie brukarar av helse- og oppveksttenester om livsstilsendringar, må du ha kunnskap om faktorar som påverkar helsa.

Del 1. Helsa og livsstilen din

  1. Gjer deg kjend med nettsida Lev på Helsenorge. Dette er Helsedirektoratets tilrådingar og råd om korleis du kan få ei betre helse. Skriv ned stikkord for

    1. råd for betre psykisk helse

    2. kostråda

    3. fysisk aktivitet

    4. søvn og kvile

    5. råd om tobakk

    6. alkoholbruk

  2. Korleis er livsstilen din sett opp mot råda frå Helsedirektoratet? Skriv stikkord for dei same punkta som i oppgåve 1.

  3. Ønsker du å endre på nokon av levevanane dine for å betre helsa di? Bruk verktøyet under til å lage ein plan for kva som skal endrast, og hugs at det er lurt å ta for seg ein ting om gongen.

Start med å skrive kva som dagens situasjon, mål for endringa, tiltak som skal setjast i verk, og ein dato for evaluering. På evalueringsdatoen kan du finne fram planen og evaluere tiltaka, kanskje må du setje inn nye tiltak dersom du ikkje har nådd målet heilt.

Døme på plan for Livsstilsendring

Faktor

Problem

Mål

Tiltak

Frist

Evaluering av tiltak

Har det verka?

Kvifor eller kvifor ikkje?

Skal tiltaka endrast?

søvnveldig trøytt på morgonensove 7 til 8 timar kvar natt

1. leggetid kl. 22.30

2. droppe skjerm etter kl. 21

3. ikkje sove altfor lenge i helga

1. okt.

1. okt.: betre, men framleis trøytt måndagar. Vanskeleg å sovne søndag kveld etter å ha sove lenge. Mykje aktivitet på Snapchat etter leggetid.

Nye tiltak etter haustferien:

1. alarm kl. 9 i helgane

2. alle varslar skrudde av mellom kl. 21 og 7

3. lese papirbok eller høyre på lydbok

Del 2. Motivasjon til livsstilsendring

Som fagarbeidar innan helse- og oppvekstfag skal du rettleie og motivere brukarar til å endre levevanar for å førebygge livsstilssjukdommar.

  1. Vel deg eit av yrka innan helse- og oppvekstfag som du ønsker å utdanne deg til. I kva situasjonar kan det vere behov for at du skal rettleie brukarar om endring av levevanar knytte til punkta du jobba med i del 1? Bruk nokre minutt til å tenke og notere stikkord på post-it-lappar.

  2. Gå i gruppe saman med medelevar som valde det same yrket som deg. Kvar elev presenterer ein av lappane sine etter tur, hald fram runden til alle har presentert alle lappane sine.

  3. Bli einige om ein av situasjonane som de har fått presentert i gruppa, og lag ein plan for korleis de kan rettleie og motivere brukaren i denne situasjonen til livsstilsendringar. Bruk same skjema som de brukte for dykkar eiga livsstilsendring i del 1.

Del 3. Evaluer ein periode med livsstilsendring

På datoen du sette i del 1, hentar du opp igjen dokumentet ditt med plan for livsstilsendring. Set opp måla du hadde, og vurder desse i evalueringsdokumentet.

Relatert innhald

Fagstoff
Fysisk aktivitet

Å vere i rørsle og fysisk aktivitet er bra for oss. Det betrar den fysiske helsa, den psykiske helsa og kognitive funksjonar i hjernen.

Fagstoff
Søvn og kvile

For å kunne vakne utkvilt er kvaliteten og lengda på søvnen avgjerande, og som helsefagarbeidar skal du hjelpe brukarar med å dekkje søvnbehovet sitt.