Hopp til innhald

Fagstoff

Søvn og kvile

Aktivitet, søvn og kvile har mykje å seie for fysisk og psykisk helse. For å kunne vakne utkvilt er både kvaliteten og lengda på søvnen avgjerande, og som helsefagarbeidar skal du hjelpe pasientar og brukarar med å dekkje søvnbehovet sitt.
Ein ung kvinneleg arbeidstakar søv på tastaturet til PC-en. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Betydninga av søvn

Søvn er viktig for at kroppen og hjernen skal fungere godt. Under søvnen skjer det endringar i funksjonane til kroppen, og desse endringane gjer oss fysisk og mentalt sterke til å møte ulike utfordringar i kvardagen.

Mellom anna blir utskiljing av stresshormon redusert, og stoffskiftet går over i kvilemodus. Auka utskiljing av veksthormon bidreg til gjenoppbygging og styrking av musklar og skjelett.

Under søvnen er undermedvitet i stor aktivitet. Evna til innlæring, minne og kreativ tenking blir styrkt. Draumar har truleg betyding for omarbeiding og sortering av inntrykk og kjensler.

Søvnbehov

Søvnbehovet varierer frå person til person og kjem an på mellom anna alder. Spedbarn søv 16–18 timar i døgnet. Barn i skulealder søv 9–12 timar i døgnet. Søvnbehovet til vaksne er 6–9 timar i døgnet. Ein del eldre har færre timar med nattesøvn, men har behov for å kvile éin eller fleire gonger gjennom dagen.

Søvnbehovet blir òg påverka av andre faktorar. Både fysisk og psykisk sjukdom og ulike påkjenningar kan føre til auka behov for søvn. Enkelte medikament kan òg gi auka trøyttleik. I tillegg kan menneske som lir av einsemd eller depresjon, nytte søvn som ein måte å kome seg vekk frå kvardagen på.

Balanse mellom aktivitet, søvn og kvile

Ein god balanse mellom aktivitet, søvn og kvile har mykje å seie for fysisk og psykisk helse. Denne balansen er individuell og må derfor bli tilpassa den enkelte brukaren. Ofte vil det vere oppgåva di å leggje til rette for god balanse mellom aktivitet og kvile.

Mange av brukarane du møter, har, som følgje av sjukdom, eit auka behov for kvile. For ein del av desse vil eit for høgt aktivitetsnivå verke stressande og mot hensikta si. Andre lir av keisemd og har eit stort behov for meir aktivitet i kvardagen.

Det er lett å hamne i ein vond sirkel der mangel på aktivitet og for mykje kvile gir auka trøyttleik på dagtid og dårleg søvn om natta. Dårleg nattesøvn kan igjen gi trøyttleik og redusert evne til aktivitet på dagtid. Du må observere og lytte til brukaren for å finne fram til den balansen som er riktig for han eller ho.

Søvnstadium

Søvnkvaliteten er like viktig som talet på timar søvn. For å kunne vakne utkvilt må ein ha eit velfungerande søvnmønster. Søvnen blir delt inn i ulike stadium som vi skil frå kvarandre ved hjelp av registrering av hjernebølgjer, muskelspenning og augerørsler.

Søvnstadium N1

Det første søvnstadiet varer i berre nokre minutt og er ein overgangsfase frå vaken til sovande tilstand. I denne fasen går hjernebølgjene noko langsamare enn i vaken tilstand, men det er lett å vekkje ein person i denne fasen.

Søvnstadium N2

I andre søvnstadium blir funksjonane til kroppen gradvis reduserte. Den lette søvnen utgjer omtrent halvparten av tida du søv, og i dette stadiet kjem ikkje sanseinntrykk vidare til hjernen. Muskelspenninga varier og augerørslene forsvinn.

Søvnstadium N3

Den djupe søvnen utgjer 20–25 prosent av den totale søvntida, og han blir redusert ved aukande alder. I dette stadiet går respirasjonen langsamare, puls og blodtrykk søkk og muskelspenningar er reduserte. Den djupe søvnen er viktig for å føle seg utkvilt neste dag, og i dette stadiet går utskiljing av veksthormon føre seg. Hjernebølgjene er langsame under djup søvn, og derfor tek det litt tid før du fungerer normalt dersom du blir vekt i denne søvnen.

R-søvn

R-søvn vart tidlegare kalla REM-søvn på grunn av dei hurtige augerørslene (Rapid Eye Movement). R-søvn trer inn omtrent kvart nittiande minutt gjennom heile nattesøvnen og blir gjerne kalla draumesøvn fordi dei fleste draumar skjer her. Under denne typen søvn er muskulaturen avslappa, men hjartefrekvens og blodtrykk varierer. Muskulaturen er heilt avslappa og kroppstemperaturen avheng av omgivnadene.

Utfordringar til deg

  1. Skriv ned med dine eigne ord kva søvn er.
  2. Kvifor er søvn viktig for oss?
  3. Kva skal til for at du skal oppnå god nattesøvn? Skriv ned minst tre stikkord som har betyding for god søvnkvalitet for deg, og diskuter i klassen etterpå. Set opp ei felles liste på tavla.

Kjelde

Bjorvatn, B. (2021, 7. januar). Søvnregistrering og søvnstadier. Nasjonal kompetansetjeneste for søvnsykdommer, Helse Bergen HF. https://helse-bergen.no/nasjonal-kompetansetjeneste-for-sovnsykdommer-sovno/sovnregistrering-og-sovnstadier

CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten, Wenche Heir, Marit Smith Sørhøy og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2021

Læringsressursar

Allmenntilstand