Hopp til innhald

Fagstoff

Søvnproblem

Mange menneske har i kortare eller lengre periodar søvnproblem. Nokre vanlege årsaker er knytt til insomni, hypersomni og døgnrytmeforstyrringar.
Kvinne ligg i senga og held den eien handa framfor auga. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Observasjon og tiltak for god søvn

Som helsefagarbeidar observerer du om brukaren er opplagd på dagtid. På institusjon har du òg moglegheit til å observere søvnen til brukaren og ulike faktorar som har betyding for korleis brukaren søv på natta.

Du må reagere på symptom som kan ha samanheng med dårleg søvn, og innleie samtale med brukaren om dette temaet. Brukaren veit ofte sjølv kva som må til for at han skal kunne sove godt. I tillegg vil det vere di oppgåve å informere, gi konkrete forslag og leggje til rette for god søvn. Langvarige og alvorlege søvnproblem må du ta opp med lege.

Insomni

Ved insomni har brukaren problem med å sovne om kvelden eller har problem med å sovne att etter å ha vakna opp om natta.

Dei vanlegaste årsakene til insomni er sjukdom og psykososiale vanskar. Stress og personlege problem er svært vanlege årsaker til insomni. Ved sjukdom kan kroppslege ubehag som smerter og kvalme gi søvnproblem. Angst og bekymring i samband med eigen sjukdom, søvnproblematikk og helsetilstand generelt kan òg gi søvnlause netter.

Det å bli innlagd på sjukehus eller institusjon kan i seg sjølv føre med seg søvnproblem. Det kan være vanskeleg å sove på ein ny stad i framand seng og med ukjende lydar. Særleg det å skulle dele rom med andre kan føre med seg problem. Støy og uro frå medpasientar, kiming frå ringesnorer og nattleg tilsyn frå pleiarar er forstyrrande. Endring av kveldsrutinar, annan temperatur og belysing i rommet kan òg gi problem med å sovne.

Insomni kan òg kome av dårleg søvnhygiene. Søvnhygiene handlar om tiltak den enkelte sjølv gjer, som verkar inn på søvnen. Liten aktivitet med for mykje søvn og kvile på dagtid kan verke hemmand for nattesøvnen. Det same gjeld dårleg kosthald og inntak av kaffi, te og cola før leggjetid.

Hypersomni

Hypersomni betyr at ein over tid har ein trong til å sove meir enn vanleg. Hypersomni kan vere eit symptom på sjukdom, eller det kan vere ein biverknad av medisinar.

Snorking og søvnapné kan føre til hypersomni. Snorking kjem av tronge forhold i dei øvre luftvegane. Søvnen blir forstyrra av at brukaren fleire gonger gjennom natta vaknar av snorkinga.


Søvnapné er ein tilstand som gir pustestans ein eller fleire gonger om natta. Søvnapné kan oppstå saman med eller utan snorking. Årsakene er mange, men overvekt er den største faktoren som gir auka risiko før søvnapné. Søvnen blir forstyrra av at brukaren vaknar med kjensle av å bli kvelt, mareritt og sveittetokter.

Døgnrytmeforstyrringar

Ved døgnrytmeforstyrringar er det eit misforhold mellom døgnrytmen til kroppen og forventningane til samfunnet om når ein skal vere vaken, og når ein skal sove.

Særleg ungdom kan ha forsinka søvnfasesyndrom, med innsovningsvanskar og store problem med å stå opp på morgonen.

Ein del eldre menneske har for tidleg søvnfasesyndrom ved at dei kan vere tidleg trøytte om ettermiddagen og vakne opp att i 4–5-tida om morgonen.

Døgnrytmeforstyrringar kan òg oppstå som følgje av skiftarbeid og reise over tidssoner.

Konsekvensar av for lite søvn


Kortvarige søvnproblem er vanlegvis ikkje farlege, men svært langvarige søvnproblem kan ramme heile livssituasjonen og gi store konsekvensar for både fysisk og psykisk helse.


Søvnproblem fører med seg at brukaren blir plaga av å vere trøytt, hovudverk, nedsett konsentrasjon, nedsett yteevne og varierande humør. Immunforsvaret blir svekt, og over lengre tid kan søvnproblem i tillegg gi generell mistrivsel, depresjon, utmatting og forstyrringar av synet. Det er i tillegg auka risiko for utvikling av hjarte- og karsjukdom, diabetes og overvekt.

Medikamentell behandling av søvnvanskar


Nokre brukarar kan i periodar ha behov for medikament for å sovne.

Slike medikament er effektive ved kortvarige søvnproblem, men skal ikkje vere i bruk over lengre tid. Effekten av slike medikament minskar gradvis, og dei har òg fleire uønskte effektar. Mellom anna er det lett å bli avhengig av sovemedikament.

Ved langtidsbruk vil det normale søvnmønsteret bli forstyrra og søvnkvaliteten bli dårlegare. Brukaren blir trøyttare på dagtid og kan bli plaga av konsentrasjonsvanskar.

CC BY-SASkrive av Lene Fossbråten.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Allmenntilstand