Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Søvnbehov og søvnkvalitet

Behovet for søvn er eit grunnleggande behov, og mangel på søvn påverkar allmenntilstanden. Både behovet for søvn og søvnkvaliteten varierer mykje frå person til person, og dei blir påverka av ulike faktorar. Kor mykje søvn treng du, og får du dekt søvnbehovet ditt?
Ung kvinne søv med hovudet på opne bøker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Tenk over ditt eige søvnbehov. Kor mange timar søvn treng du for å føle deg utkvilt?

  2. Lag ei stikkordliste over faktorar som påverkar om du får dekt søvnbehovet ditt.

  3. Korleis vil du beskrive søvnkvaliteten din?

  4. Lag eit skjema der du kan registrere kor mykje du søv i løpet av ei veke, eller fyll ut kor mykje du har sove gjennom veka som gjekk.

    1. Kor mange timar søv du gjennomsnittleg kvar natt?

    2. Korleis er forholdet mellom søvn gjennom veka og kor mykje du søv i helga?

    3. Korleis stemmer den gjennomsnittlege søvnlengda di med svaret ditt i oppgåve 1?

  5. Skriv anonymt på ein lapp som blir levert inn:

    1. kor mange timar søvn du treng

    2. kor mange timar du i gjennomsnitt søv

    3. korleis du ligg an med overskot eller underskot på søvn

Felles i klassen

  1. Lag eit skjema der de samlar resultata frå alle i klassen. Hugs at opplysingane skal samlast inn anonymt i tråd med regelverk for personvern. (Under oppgåve 4 er det eit skjema til nedlasting som de òg kan bruke.)

    Registrering av søvn

    Elev

    søvnbehov

    gjennomsnittleg søvnlengde

    overskot eller underskot på søvn (+/-)

    1

    2

    3

  2. Rekn ut gjennomsnittet i klassen når det gjeld

    1. søvnbehov

    2. søvnlengd

    3. søvnoverskot/søvnunderskot

  3. Korleis stemmer søvnbehovet og søvnlengda di og forholdet mellom dei overeins med svara til medelevane dine?

  4. Drøft i klassen

    1. kvifor det kan vere vanskeleg å få dekt søvnbehovet sitt

    2. kva tiltak som kan gjerast for å betre dette

Filer

Gruppeoppgåver

  1. Mange menneske slit med søvnvanskar i kortare eller lengre periodar. Lag ei liste over faktorar som kan forstyrre søvnkvaliteten.

  2. Noter kva tiltak de kan planlegge og gjennomføre for å betre

    1. eigen nattesøvn

    2. søvnen til brukarar og pasientar

  3. Lag ein informasjonsfilm med råd for god nattesøvn for ei av desse målgruppene:

  • elevar på vidaregåande skule

  • helsepersonell som skal rettleie brukarar og pasientar

  • andre målgrupper

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2023

Læringsressursar

Allmenntilstand