Hopp til innhald

Fagstoff

Oppleving av smerte

Når vi menneske føler smerte, er dette eit av varslingssystema til kroppen for å informere oss om at noko er gale. Vi opplever smerter ulikt, og både smerteterskel og smertetoleranse varierer frå person til person.
Ei knytt hand som grip hardt rundt noko av tøy. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva tyder "smerte"?

Smerte heiter pain på engelsk. Ordet pain kjem frå det latinske ordet poena som betyr "liding" eller "straff". Det er eit munnhell som seier at "ein får som fortent", og i eldre tider var det ei oppfatning at smerte var eit resultat av uakseptabel åtferd. Først rundt år 1660 vart smertekjensla sett i samanheng med kroppsfunksjonane.

Smerte vernar

Å kunne føle smerte er viktig. Utan evne til å føle smerte vil ikkje menneske kunne oppdage sjukdom og skade. Smerta skal verne oss mot moglege farar. Når vi til dømes kjem nær den varme kokeplata med fingeren, er det smertekjensla som får oss til å trekkje handa tilbake umiddelbart.

Kva er smerte?

Smerte blir definert som ei ubehageleg, sensorisk og kjenslemessig oppleving som er knytt til truande vevsøydelegging. Det er ingen logisk samanheng mellom storleiken på vevsskaden og intensiteten av smerte. Liten vevsskade kan gi mykje smerte. Til dømes kan ein nyrestein føre til stor smerte utan at ho forårsakar stor vevsøydelegging.

Ikkje all smerte er eit signal om kroppsleg skade. Sorg, stress eller psykiske utfordringar kan òg gi smerte eller forverre opplevinga av fysisk smerte. Smerteopplevinga består av to delar:

  • Ein sensorisk del: Her blir det registrert kvar smerta er, kor sterk ho er, og smertetypen. Smerteterskelen er knytt til den sensoriske delen og handlar om når noko blir opplevd som smertefullt. Det som berre kjennest ubehageleg ut for ein person, kan altså opplevast som smerter for ein annan.
  • Ein emosjonell/kjenslemessig del: Her blir ubehaget registrert, og det medfører trong til flukt frå det som forårsakar smerta. Smertetoleransen er knytt til den kjenslemessige delen, og han beskriv det punktet der smerta blir opplevd som uuthaldeleg. Toleransen for smerte varierer frå person til person.

Smertefysiologi

I kroppen finst spesielle nervar som leier inntrykk av smerte til hjernen. Dersom ein person mistar ein murstein på stortåa, vil nerveimpulsen frå stortåa bli leidd gjennom den forlengde mergen i ryggmergen.

Nerveimpulsen vil der påverke det autonome nervesystemet slik at blodtrykk, puls og respirasjonsfrekvens aukar. Nerveimpulsen passerer så talamus der det skjer ei skildring av smerteimpulsen. Deretter blir nerveimpulsen send vidare til det sensoriske senteret i hjerneborken. Her skjer den endelege registreringa av smerte, og først då blir personen merksam på at det er smerte i stortåa.

Smerteopplevinga

Det finst ikkje noko smertesenter hos mennesket. Smerte er ingen sans, men ei oppleving. Smerta blir uttrykt på ulike måtar. Dette gjer det vanskeleg for helsefagarbeidaren å tolke kva grad av smerteoppleving pasienten har.

Smerteopplevinga og måten smerta blir uttrykt på, blir påverka av

  • sosial og kulturell bakgrunn
  • det fysiske miljøet
  • fysiologiske forhold
  • kunnskap, informasjon og motivasjon
  • sinnsstemning og livssituasjon
  • haldningane og reaksjonane til omgivnadene
  • type smerte

Ulike typar smerter

Smerter blir ofte delte inn i akutte og kroniske eller langvarige smerter.

Ulike typar smerter

Smertetypar

Kjenneteikn

Akutte smerter

Oppstår ved sjukdom eller skade, går over når du har vorte frisk.

Varselsignal for å verne kroppen mot truande skade.

Kroniske smerter

Langvarige smerter som påverkar funksjons- og aktivitetsnivå. Blir ofte delte inn i tre kategoriar:

  • Nociseptive smerter kjem av vevsskade som ved inflammatoriske og degenerative lidingar som til dømes reumatiske lidingar.
  • Nevropatiske smerter kjem av skade på nervevev i det sentrale eller det perifere nervesystemet som ved multippel sklerose (MS) eller etter hjerneslag.
  • Idiopatiske smerter er eit samleomgrep på langvarige smertetilstandar som det er vanskeleg å finne ei konkret fysisk eller psykologisk årsak til, til dømes uspesifikke muskel- og skjelettplager.

Utfordringar til deg

  1. Kva er skilnaden på smerteterskel og smertetoleranse?
  2. Beskriv din
    1. smerteterskel
    2. smertetoleranse
  3. Korleis kan kunnskap og motivasjon påverke opplevinga av og toleransen for smerte?
Kjelde

Helsedirektoratet. (2015, fagleg oppdatert 5. desember 2016). Nasjonal faglig veileder for bruk av opioider – ved langvarige ikke-kreftrelaterte smerter. Henta 26. februar 2021 frå https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/opioider

CC BY-SASkrive av Birgit Flaten og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2023

Læringsressursar

Allmenntilstand