Hopp til innhald

Fagstoff

Allmenntilstand og helsetilstand

Innan helse- og omsorgsyrke blir ofte nemninga god eller dårleg allmenntilstand nytta for å beskrive helsetilstanden til ein pasient eller brukar. Med allmenntilstand meiner vi den generelle helsetilstanden utan forbigåande sjukdom eller helsesvikt.
Helsefagarbeidar tek puls på ein pasient som ligg i ei seng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein helsefagarbeidar er ofte den som hjelper pasientar og brukarar med tilrettelegging av personleg hygiene og andre gjeremål. I slike situasjonar er det naudsynt at helsefagarbeidaren observerer allmenntilstanden til personen.

Allmenntilstand

Allmenntilstand omfattar både fysiske og psykiske sider av den generelle helsetilstanden. Det er mange faktorar som avgjer korleis vi menneske blir påverka av sjukdom og sjukdomsteikn, som

  • alder
  • andre sjukdommar
  • funksjonsevne
  • miljø
  • oppvekst
  • kultur

Kva er god eller dårleg allmenntilstand?

Det er ingen fasit på kva som er god eller dårleg allmenntilstand hos ein person. Ein helsefagarbeidar må kjenne den normale helsetilstanden til pasienten eller brukaren og ut frå eigne vurderingar kunne vurdere om allmenntilstanden er god eller dårleg. Alle personar er unike og har sine ressursar, behov, problem og særpreg. Nokon har ein kronisk sjukdom og lever godt utan at sjukdommen påverkar allmenntilstanden, mens andre med same sjukdom opplever svært redusert allmenntilstand.

Observasjon av allmenntilstand

For å vere ein god observatør er det avgjerande at helsefagarbeidaren har god informasjon om pasienten eller brukaren. Gjennom dokumentasjonssystem og rapportar er det mogleg å skaffe seg kjennskap til helsetilstanden, ressursane, problema og behova til personen og setje i verk tiltak. I tillegg til god kjennskap til den enkelte pasienten eller brukaren er det viktig at helsefagarbeidaren har kunnskap om vanlege sjukdomsteikn og avvik frå det normale. Dersom helsefagarbeidaren ikkje har kunnskap om vanlege sjukdomsteikn, er det umogleg å skilje mellom normalt og unormalt.

Døme: blodtrykksmåling

Ein helsefagarbeidar som måler blodtrykket på ein pasient, må vite kva normalt blodtrykk er for alderen til pasienten. Når helsefagarbeidaren måler eit blodtrykk til 70/30, må ho vite at dette er ein unormal tilstand, og umiddelbart rapportere til sjukepleiar eller lege.

Helsefagarbeidar måler blodtrykket til ein kvinneleg pasient. Begge smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Observasjon av pasient eller brukar

For å kunne vurdere allmenntilstanden til ein pasient eller brukar må helsefagarbeidaren observere personen.

Lytt til personen

  • Kva meiner han eller ho sjølv om helsetilstanden sin?
  • Korleis er stemmeleie og tonefall?
  • Gir personen frå seg uvanlege lydar som stønning, surkla respirasjon eller er det heilt stille?

Sjå på personen

  • Korleis er hudfargen?
  • Korleis er rørslene og ansiktsuttrykka?
  • Sveittar eller frys han eller ho?

Kjenn på personen

  • Er huda varm og tørr eller kaldsveitt?
  • Har vedkomande følbar puls?

Lukt

  • Er det spesielle lukter frå avføring, urin, sår eller pust?

Observasjonar knytte til trivsel

Det kan vere vanskeleg å observere om eit menneske trivst eller ikkje, fordi det er stor forskjell på korleis trivsel kjem til uttrykk. Ein peikepinn på trivsel kan likevel vere

  • kva og korleis personen svarer når du spør korleis det står til
  • om han eller ho verkar unormalt passiv eller trist

Utfordringar til deg

  1. Lag ein definisjon på allmenntilstand. Samanlikn og diskuter med medelevar kva de kom fram til.
  2. Beskriv korleis du som helsefagarbeidar kan skaffe deg informasjon om allmenntilstanden til pasienten eller brukaren.
  3. Korleis vil du ut frå definisjonen i spørsmål 1 beskrive din eigen allmenntilstand?

Relatert innhald

God helse er nært knytt til opplevinga av livskvalitet og det å meistre sin eigen kvardag.

Observasjonane gir deg informasjon slik at du kan kartleggje dei individuelle ressursane og behova til brukaren.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir, Birgit Flaten og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021

Læringsressursar

Allmenntilstand