Film og filmklipp
Kvardagsmeistring innan rusomsorg og psykisk helsearbeid
Kvardagsmeistring handlar om å fokusere på meistringa og ressursane til brukaren. Det dreier seg òg om å leggje til rette for tiltak som fremjar livskvalitet og aktiv deltaking i samfunnet. I denne filmen møter du ein helsefagarbeidar som jobbar med motivasjon og meistring for ulike brukarar.
- Kva blir meint med å møte brukarane på premissane deira?
- Kvifor er det viktig å la brukarar gjere det dei klarer, sjølv, i staden for at du som helsefagarbeidar gjer det for dei?
- Helsefagarbeidaren snakkar på slutten av filmen om at brukarane legg liva sine i hendene hans og ber om hjelp. Kva trur du han meiner med det? Diskuter med medelev.