Hopp til innhald
Oppgåve

Tiltak for kvardagsmeistring

Habilitering og rehabilitering handlar om å trene opp funksjonar for å meistre sin eigen kvardag. I denne oppgåva skal du lage ein plan for tiltak som kan auke opplevinga av kvardagsmeistring for brukarar med behov for habilitering eller rehabilitering.

Plan for habilitering eller rehabilitering

Ta utgangspunkt i ein brukar som du har møtt i praksis, deg sjølv eller nokon du kjenner, eller bruk fantasien og lag di eiga forteljing.

  1. Lag ei kort situasjonsskildring om ein person med behov for rehabilitering eller habilitering for å meistre sin eigen kvardag.

  2. Bruk den problemløysande metode til å kartlegge ressursar og behov til brukaren i denne situasjonen. Du kan repetere dette i artikkelen om problemløysande metode.

  3. Kva mål har brukaren sjølv, eller kva mål trur du vedkommande har?

  4. Kva andre yrkesgrupper må du samarbeide med for at brukaren skal nå måla sine?

  5. Kva tiltak kan du som helsefagarbeidar setje i verk?

  6. Når og korleis skal tiltaka evaluerast?

Diskusjon og refleksjon i grupper

  1. Korleis trur du sjukdom og skadar som fører til nedsett funksjonsnivå, kan påverke opplevinga ein person har av kvardagsmeistring?

  2. På kva måtar kan habilitering og rehabilitering bidra til auka kvardagsmeistring?

  3. Korleis kan du som helsefagarbeidar legge til rette slik at brukarane du møter i praksis, blir betre i stand til å meistre sin eigen kvardag?

  4. Kva er samanhengen mellom brukarmedverknad, kvardagsmeistring og livskvalitet?

Relatert innhald

Fagstoff
Å arbeide med rehabilitering

Formålet med rehabilitering er å vinne tilbake fysisk, kognitiv eller sosial funksjonsevne for å meistre kvardagen etter sjukdom eller skade.