Hopp til innhald

Fagstoff

Lag eit dataspel

Det har aldri vore lettare å lage dataspel. Søk opp ei programvare som kan hjelpe deg med å lage dataspel, og set i gang.

Har du ikkje laga dataspel før, kan du starte med å kopiere eit enkelt, lite spel, som Flappy Bird. Slik finn du ut korleis du brukar programvara til å produsere spel. Vent med å lage meir komplekse spel til du har fått til enkle dataspel.

Programvare

Start gjerne med eitt av desse to programma:

Ressursar om spelutvikling

På YouTube finst mange ressursar som forklarer korleis du lagar spel:

Idéfase

Ha ein idé klart for deg:

  • Kva er poenget og gameplay i spelet?
  • Korleis skal spelet sjå ut?
  • Korleis skal det kjennast å spele?
  • Kva slags tempo skal spelet ha?
  • Lag skisser på førehand, finn bilete og referansar og skriv ned idéar, også undervegs i prosessen.
Minifugl flyr mellom stolpar i eit mobildataspel. Skjermdump.

Realiser prosjektet

Skaff deg det du treng for å realisere idéen din.

Skal du lage eit spel som mobil-app, må du ha ein mobiltelefon og programvare til å lage app for mobiltelefon.

Skal spelet handle om eit bestemt tema, til dømes om miljø, må du setje deg inn i fakta om miljø.

Få også oversikt over kva omfanget er av det du skal gjere. Har du oversikt over kva for ressursar du har til rådigheit? Kor mykje tid har du, kven har du med deg? Kva slags kompetanse har dei du samarbeider med?

Kor lang tid tar det?

Skal du lage ein prototype, kan du klare det på eit par timar eller ein dag. Flappy bird blei laga på 48 timar. Eit profesjonelt mobilspel tar det gjerne seks månadar å lage. Store spel kan ta fire år.

Hugs opphavsretten

Programvarer for produksjon av spel har ulike lisensar. Er du amatør, pleier ikkje lisensiering å vere eit problem. Du kan lage eit spill som du deler vidare utan at du må tenkje på rettar. Sjekk likevel opp for å vere sikker.

Derimot må du vere nøye med å ikkje bruke andre sin musikk eller bilete utan å avklare med opphavar at det er i orden. Lag gjerne musikk og bilete sjølv.

Samarbeid

Vil du lage dataspel, kan du lage det aleine, men du får meir ut av å samarbeide med andre – spesielt om du samarbeider med personar som har ein annan kompetanse enn den du har. Summen av produktet vil vere meir enn det du klarar å lage som enkeltperson.

Det er ofte slik i spelutvikling at programmerarar og designarar jobbar saman. Dei har to vidt forskjellige måtar å tenkje på. Det kan vere interessant og gi spennande resultat, men eit samarbeid kan vere krevjande.

Bestem deg for å gjennomføre!

Du kan møte tekniske problem, vanskeleg samarbeid eller bruke langt meir tid på arbeidet enn det du hadde sett for deg. Er motivasjonen dalande, er det viktig å bestemme seg for å gjennomføre prosjektet sitt.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.02.2019

Læringsressursar

Underhaldning