Hopp til innhald

Fagstoff

Lag ein YouTube-kanal

Kva treng du for å byggje opp ein YouTube-kanal? Kom i gang med denne oversikta.

YouTube er ein eigna stad for å dele videoinnhald, til dømes gjennom din eigen kanal. For at kanalen skal sjå heilskapleg og profesjonell ut, kan du lage framsidebanner, logo og introduksjonsvideo.

I denne oversikta går vi konkret inn på kva slags element du treng, og korleis du gjer det.

Før du legg ut noko, bør du forsikre deg om du har dei nødvendige rettane til å vise videomaterialet ditt, og at dei som medverkar i videoane, har gitt løyve til at du gjer det.

Opprett kanal

Gå inn på YouTube og klikk på sirkelen oppe i høgre hjørne. Legg til den e-postkontoen som skal vere tilknytt. Vel det øvste alternativet, "opprett kanal". No får du valet mellom å opprette ein kanal i ditt eige namn eller å bruke eit eigendefinert namn. Vel det alternativet som er relevant for deg.

Dersom du skal lage ein kanal med eit eigendefinert namn, må du passe på at det er beskrivande for kanalen, og at namnet ikkje allereie er knytt opp mot noko anna det kan forvekslast med. No må du òg godta retningslinjene, og desse kan du lese ved å trykkje på lenka som ligg ved. Før du får oppretta kanalen, må du sende inn ei stadfesting med ein kode du får send på mobiltelefon.

Festlige illustrasjonar av personar med kamera, blyant, megafon og filmutstyr. Skjermbilete.

Legg inn informasjon

Når du har fått kanalnamnet godkjent, legg du inn følgjande:

  • Profilbilete

    Bruk eit kvadratisk bilete (800 x 800 pikslar) eller ein sirkel. Viss du lagar ein kanal for ei bedrift, kan du laste opp logoen deira.

  • Kanalbeskriving

    Fortel om kanalen din. Du kan bruke inntil 1000 ord. Denne teksten dukkar opp i søk på nettet.

  • Lenker

    Legg til lenker til eigen nettstad og/eller sosiale nettstader, dersom du eller bedrifta har dette.

Du kan òg vente med å leggje inn profilbilete, tekst og lenker til seinare. Når du har lagt inn dette, kjem du inn på kanalen og kan gjere justeringar.

Bestanddelar i ein YouTube-kanal. Trykk på knappane.

Trykk på knappane i biletet for å få meir informasjon om dei ulike bestanddelane i ein YouTube-kanal. Her ser du NDLAs YouTube-kanal.

Tilpass kanalen

Trykk på knappen "tilpass kanal", som du finn oppe til høgre. Her får du moglegheit til å gjere tilpassingar i kanalen din.

Øvst på denne sida dukkar det opp fleire menyval, som:

  • oppsett
  • merkevarebygging
  • grunnleggjande informasjon

Oppsett

Her kan du jobbe med oppbygginga av kanalen din og mellom anna leggje til:

  • Kanaltrailer (introvideo) for personar som ikkje abonnerer. Då kan dei få vite meir om kanalen din.
  • Framheva video for abonnentane dine. Denne blir vist øvst på kanalsida til dei abonnentane som ikkje har sett han frå før.
  • Modular med innhald du ønskjer å ha sentralt på sida di, som direktesendingar eller komande direktesendingar, spelelister, populære opplastingar eller kortvideoar, for å nemne nokre moglegheiter.

Merkevarebygging

No skal du leggje inn medieinnhald til kanalen din. Sørg for at du har rettane til bilete og grafisk materiale. Lag gjerne ein heilskapleg pakke med like fargar, fontar og estetikk.

Profilbilete

Profilbiletet blir vist saman med kanalen din og videoane dine på YouTube, og når du kommenterer. Biletet bør vere minst 98 x 98 pikslar og maks 4 MB stort. Last det opp som PNG eller GIF (obs: ikkje animasjon). Profilbiletet blir ein sirkel. For å sikre at du får med alle elementa du treng, kan du la det vere litt luft rundt profilbiletet eller logoen før du lastar det opp, og tilpasse det inne i YouTube når du lastar opp.

Framsidebanner

Bannerbiletet blir vist øvst på kanalen din og er vanlegvis langt og smalt i eit breiddeformat. Det bør vere minimum 2048 x 1152 pikslar og maks 6 MB stort. Vêr klar for å tilpasse og justere banneret. Det skal tole å bli vist både på TV-skjerm, PC-skjerm (smalt) og ulike einingar som mobiltelefon og nettbrett. Dersom du vel minimumsformatet, må du leggje inn logo og tekst innanfor måla 1235 x 338 pikslar i midten.

Videovassmerke

Vassmerket dukkar opp nede i høgre hjørne i videoen din. YouTube opnar for vidare deling, og det er òg enkelt for andre å lagre og bruke videoen din vidare. Vassmerking er ein god måte å merke videoen som din på. Bruk gjerne logoen din.

Lag biletet på 150 x 150 pikslar i eit av desse formata: PNG, JPEG, BMP eller GIF (ikkje animasjon), maks 1 MB stort. Vel PNG dersom du ønskjer at logoen/vassmerket skal liggje oppå videoen, og at bakgrunnen blir transparent. Kryss av for om vassmerket skal visast gjennom heile videoen, til slutt eller på eit bestemt tidspunkt.

Grunnleggjande informasjon

Her kan du leggje inn informasjon om kanalen og leggje ved relevante lenkjer til besøkjande.

YouTube skaparstudio. Oppe til venstre ser vi ein svart og gul logo med stikkontakt og teksten "Elektrotord". Vi ser ei rekkje menyval til venstre. I midten ser vi utsnitt av TV-skjerm, PC og mobil med ei gul, smal stripe med bilete av stikkontakt og teksten Elektrotord på skrå. Nede i midten blir det vist ei lita videorute med eit vassmerke nede til venstre i gult og svart, med logo. Skjermbilete.

Gå over og kvalitetssikre kanalen

Gå over kanalen din og sjekk at du har tittel, framsidebanner, profilbilete/logo, vassmerke og nødvendig informasjon. Sjekk at du ikkje har nokon skrivefeil, og at du har med dei elementa som trengst. Ser dette bra ut, eller bør du justere på noko? Vis gjerne kanalen din til medelevar og lærar og få innspel før du byrjar å publisere noko i han.

Når du har oppretta YouTube-kanalen din og er fornøgd med han, kan du gå i gang med å laste opp videoar.

Video: opplasting til YouTube (4,29 minutt)

Slett kanal

Dersom du skulle få behov for å slette ein YouTube-kanal, kan du gjere det ved å gå inn på kanalen i skaparstudioet.

  1. Høgreklikk på ikon med profilbiletet til kanalen oppe til høgre.
  2. Vel tannhjulikon med teksten "innstillingar"/"settings".
  3. Gå inn på "sjå avanserte innstillingar" / "view advanced settings".
  4. Trykk på den nedste linja, "slett kanal" / "delete channel".

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021

Læringsressursar

Underhaldning