Hopp til innhald

Fagstoff

Publiser bilete, lyd og video

Når du skal klargjere bilete, lyd eller video for publisering, må du sjekke detaljane i arbeidet ditt, sørgje for at du har rette innstillingar i fila og velje korrekt filformat for eksportering. Her får du ei oversikt over kva du må passe på i etterarbeidet med bilete, lyd og video.
Skjermane til fire ulike digitale medium, nærare bestemd ei datamaskin, ein TV, eit nettbrett og ein mobiltelefon. Illustrasjon.

Bilete

Før du sender frå deg eit bilete, må du gå nøyaktig til verks og dobbeltsjekke: Har biletet god komposisjon? Kan du finjustere det visuelle uttrykket?

Du må dessutan ha rett biletstorleik og bruke filformat for å få eigna filstorleik. Sjekk òg at fargerom stemmer, og at det er god nok oppløysing på biletet.

Biletstorleikar for trykk

Vel lagringsformat ut frå kvar og korleis biletet skal brukast. Skal biletet brukast på skjerm, eller skal det trykkjast? Du må ta omsyn til kva slags storleik biletet skal ha, og i kva medium det skal brukast.

Viss biletet skal dekkje ei magasinside, kan dimensjonane vere tabloid (432 x 279 mm), A3 eller A4, og det skal vere ståande. Eit liggjande bilete eignar seg best til oppslag i aviser.

Filformat for bilete på trykk

Pass på å gå over kontrastar og fargeattgiving nøye før du endrar fargerom frå RGB i biletprogrammet til CMYK i filformatet som skal trykkjast.

Bilete som skal trykkjast, må ha høg oppløysing, og filstorleikane blir derfor store. Det er viktig å lagre biletet i eit filformat med tapsfri komprimering for å oppnå best mogleg biletkvalitet på trykk.

Vanlege filformat for trykte bilete er TIFF, PSD og PDF.

  • TIFF kan bestå av fleire lag og er godt eigna til å dele biletfiler som skal trykkjast. Svært mange program kan opne TIFF-bilete.

  • PSD er filformatet til ei Photoshop-fil og kan innehalde lag, masker og stikkord. Med ei slik fil kan du endre fargerom, gjere endringar og eksportere til riktig format.

  • PDF eignar seg når bilete inngår i ein produksjon sett saman av fleire element som går over fleire sider. Her er layout, typografi og samansetjing av bilete og tekst viktig. Ein PDF kan opnast av mange ulike plattformer.

Ressursar

Layout på framsida av Aftenposten sitt kulturmagasin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Biletstorleikar og dimensjonar for nett

Nærbilete av hendene til dame som les eit motemagasin på nettbrett. Foto.

Dimensjonen på bilete som skal publiserast på nett, varierer etter kva kanal dei skal publisarast i, og samanhengen biletet står i. Du kan bruke både ståande og liggjande bilete med ulike dimensjonar, og kvadratiske bilete. På Instagram er det som regel kvadratiske bilete som blir brukte, mens bilete på nettsider og i nettaviser oftare har standardformat 4:3, liggjande eller ståande.

Filformat for bilete på nett

For bilete på nett er det vanleg å bruke standardiserte filformat som komprimerer og gir små filstorleikar, sidan det tek lang tid å laste opp store filer.

Kva for eit filformat du skal velje, er avhengig av kjenneteikn ved biletet og kva biletet skal brukast til. Dei vanlegaste filformata for bilete på nett er JPEG, PNG og GIF. Alle desse formata er pikselbaserte.

Pikselbaserte bilete består av eit rutenett der kvar rute har ein farge, ein piksel. Når eit bilete inneheld mange pikslar som blir viste tett, verkar biletet for oss som jamt og fint. Kunsten er å komprimere eit bilete så mykje som mogleg og likevel ta vare på kvaliteten.

  • JPEG, ofte forkorta til JPG, eignar seg best til fotografi.

  • PNG blir brukt når du har skarpe linjer, illustrasjonar og gjennomsiktig bakgrunn.

  • GIF komprimerer godt bilete med få fargar, og kan òg gi att gjennomsiktigheit. Det er dessutan det einaste av desse tre formata som støttar animasjon.

Fargerom

Bilete som skal på trykk, må ha CMYK-fargerom, god oppløysing og stor filstorleik. Bilete som skal på nett, skal ha RGB-fargerom og kan ha mindre filstorleik. Pass likevel på at det blir god nok oppløysing.

Ressurs

Overlappande sirklar med fargeflater som blir blanda. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lyd

Før du leverer eit lydarbeid, må du gå over og sjekke at det er god lyd, at det er mogleg å høyre kva som blir sagt, og at lydane er miksa slik at dei harmonerer saman. Test gjerne på nokon andre, og sjekk lydmeteret.

  • Tale bør liggje om lag 75 prosent opp på lydmeteret.

  • Pass på at musikk ikkje blir for høg og dominerande samanlikna med tale.

Eksporter til publiseringsfil og klargjer leveringspakke

Lydproduktet ditt må eksporterast ut til rett filformat. Akkurat som for bilete kan du ikkje levere prosjektfila. Normalt kan du gå til fil->eksport i verktøylinja i lydredigeringsprogrammet ditt og velje ønskt format.

Sjekk krava i lydbestillinga. Enkelte lydprodukt, som ein reportasje, kan krevje at du legg ved ein kort tekst med topp, intro og ut som blir lesen opp av programleiar i studio.

Viss du lagar podkast, kan det hende du òg skal levere tekstbeskriving, bilete eller ein kort plakat med tittel, logo og bilete som høyrer til lydfila.

Filformat for lyd

  • MP3 står for "MPEG Audio Layer-3" og er eit anvendeleg format som blir støtta av mange digitale system og program. MP3 er eit komprimert format, som betyr at noko lydinformasjon kan gå tapt i ei konvertering til MP3. I mange tilfelle er MP3 tilstrekkeleg, men filstorleiken er omtrent ein tidel av AIFF- og WAV-filer. Filformatet blir brukt mykje på internett, sidan det tek kort tid å laste ned og ikkje er avhengig av stor lagringsplass.
  • AIFF står for "Audio Interchange File Format" og er eit lydformat som ikkje komprimerer lyden. Det betyr at ei AIFF-fil har god lydkvalitet, og derfor vil ho òg vere større enn ei MP3-fil. Eitt minutt i ei AIFF-fil svarer omtrent til 10 MB. For lange lydproduksjonar blir det fort store filer.
  • WAV er til liks med AIFF eit filformat som gir ganske store filstorleikar. Ei WAV-fil er òg omtrent ti gonger så stor som ei MP3-fil. Filformatet lagrar materialet i ulike delar (chunks). Ein lydproduksjon på fire minutt blir cirka 40 MB med WAV og AIFF, samanlikna med 4 MB viss ho blir komprimert til MP3.

Ressursar

Video

Sjå nøye over videoen før du eksporterer han. Har videoen rett kvalitet og lengd? Sjekk at bileta har god oppløysing, at lyden er god, og at lydnivå er justert i forhold til kvarandre. Sjå òg over klippinga og overgangar. Er rytme og klippestil gjennomgåande? Sjekk at rulletekst og krediteringar er riktige, og at det ikkje er skrivefeil.

Når du er heilt fornøgd med produktet, sjekkar du at det ikkje er noko uønskt rusk på tidslinja.

Sjekk biletformat og eksporter til riktig filformat

Dobbeltsjekk kva format du skal ha på videoen. Biletformat er forholdet mellom høgda og breidda på eit bilete, uavhengig av oppløysing. Dei siste tiåra har widescreen (16:9) dominert. Høgd–breidd-forholdet (16:9) passar til PC-skjermen, TV-en din og YouTube. Mobiltelefonen er òg ei viktig plattform, og i sosiale medium er det vanleg med både ståande og kvadratiske biletformat. Skal du publisere på Instagram, kan det hende du vil bruke det gamle TV-biletformatet 4:3.

Før du eksporterer videoen, bør du tenkje over kvar han skal publiserast, og kven som skal ta imot videoen din. Dei fleste klarer å spele av filtypar som MP4 på datamaskinene sine, og derfor kan det vere lurt å bruke MP4 dersom du er usikker på kva slags utstyr mottakarane har.

Før du publiserer videoen din, må du eksportere han til riktig filformat. I dei fleste redigeringsprogram kan du gå til fil->eksport og velje ønskt format. MP4 med H.264 er eitt av dei aller vanlegaste filformata. Dette formatet blir mellom anna brukt for filmar som skal publiserast på YouTube.

Eksporter fila, og spel ho av for å sjekke at du har med alt som skal vere med før du publiserer.

Filformat for video

  • MP4, AVI, MOV og Quicktime er filtypar som kan brukast når ein video skal eksporterast. Dei seier ikkje noko om kvaliteten, men om korleis videoen er pakka inn.
  • Dersom du vil vise ein video på internett, bør du komprimere innhaldet ditt slik at det går raskare å laste opp eller ned videoen. Ein mykje brukt kodek for komprimering er H.264. MPEG-4 er ein annan. Når du komprimerer, gjer du bileta dine mindre utan at det går for mykje ut over kvaliteten. I strøyming blir òg H.265 brukt, fordi han gjer videofila di mindre samtidig som kvaliteten blir teken vare på.
  • Når du skal eksportere ein film, er MP4 med H.264 et trygt val. Dersom videoredigeringsprogrammet ditt lar deg velje mellom til dømes 1080p (progressivt) eller 1080i (interlaced), vel du progressivt for å få best resultat.
  • Til publisering på YouTube kan du gjerne bruke filformatet H.264 og 1080p HD viss du kan. Då får du god avspelingskvalitet. I tillegg tilrår YouTube at du har ein biletfrekvens på 24–25 bilete i sekundet og beheld det eksisterande biletformatet (til dømes 16:9). Viss du redigerer i Adobe Premiere, finn du "YouTube" som eit val i nedtrekkmenyen når du eksporterer videoen din.
  • Til publisering på Instagram/Facebook kan videoane gjerne eksporterast i MP4 med H.264, men det kan hende du må justere biletformatet i redigeringa. Du kan til dømes velje ståande videoformat (4:5 eller 9:16) i staden for den klassiske landskapsvisninga 16:9.

Ressurs


Eksportering av video frå Adobe Premiere. Skjermbilete.

Omgrep

Kjelder

Techterms (2021): "AIFF", henta 7. april 2021 frå https://techterms.com/definition/aiff

Techterms (2021): "MP3", henta 7. april 2021 https://techterms.com/definition/mp3

Fileinfo (2021): ".PDF File Extension", henta 25. mai 2021 frå
https://fileinfo.com/extension/pdf

Fileinfo (2021): ".PSD File Extension", henta 25. mai 2021 frå
https://fileinfo.com/extension/psd

Fileinfo (2021): ".TIFF File Extension", henta 25. mai 2021 frå
https://fileinfo.com/extension/tiff

YouTube (2021): "Anbefalte formater for video og lyd", henta 26. mai 2021 frå https://support.google.com/youtube/answer/4603579?hl=no

Liseter, Ivar M.: Format - IT. I Store norske leksikon på snl.no. Henta 28. mai 2021 frå https://snl.no/format_-_IT

CC BY-SASkrive av Stina Åshildsdatter Grolid, Maren Aftret-Sandal og Johannes Leiknes Nag.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Underhaldning