Hopp til innhald

Fagstoff

Rolla til TV-formatet innanfor underhaldning

TV-kanalane treng gode sjåartal for å tene pengar. Då er det freistande å kjøpe eit ferdig utprøvd TV-format som har gjort suksess i andre land, og tilpasse programmet til norske sjåarar.

Marknad for TV-format

Kjøp og sal av TV-format har vorte ein viktig del av den internasjonale TV-marknaden. Både reality-programmet Paradise Hotel og Mesternes mester er ferdige konsept som er kjøpte frå utlandet og fornorska med mellom anna norske deltakarar. Mesternes mester er opphavleg eit belgisk konsept, mens Paradise Hotel er adaptert frå USA.

Kva er eit TV-format?

Når du kjøper eit TV-format, får du ei skildring av konseptet (ideen) bak programmet. Du får òg vite korleis det skal lagast. Som kjøpar kan du tilpasse konseptet til marknaden din, men du forpliktar deg til å følgje ideen og det gjenkjennelege uttrykket til formatet. Det betyr til dømes at du ikkje kan skifte farge på logoen eller forandre på oppbygginga.

Populær songkonkurranse

Eitt av verdas mest selde TV-format er songkonkurransen Idol. Ideen til programmet vart skapt av den britiske manageren Simon Fuller tidleg på 2000-talet, og det vart utvikla av produksjonsselskapet Fremantle.

Kurt Nilsen syng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

"Bibelen"

Med formata følgjer det gjerne ein detaljert produksjonsmanual som kjøparane må forhalde seg til. I manualen, òg kalla "bibelen", står alt det er verdt å vite om produksjonen av programmet. "Bibelen" kan beskrive detaljar i scenografien og forklare kva deltakartypar programmet bør sjå etter, eller kva biletutsnitt og kva klipperytme som eignar seg best. Lokale tilpassingar kan bli gjorde, men stort sett må kjøparane halde seg til "oppskrifta".

Tryggare med TV-format

Dei kommersielle TV-kanalane (TV 2, TV3, TV Norge) tener pengar på program som har mange sjåarar. Høge sjåartal kan gi fleire annonsørar og fleire abonnentar. Derfor konkurrerer dei om å skaffe seg dei beste formata, det som kan bli den neste store snakkisen på TV. NRK konkurrerer òg om publikum, fordi dei blir målte på kor mange sjåarar dei har, av oppdragsgivaren sin (staten). Selskapa er villige til å betale for ferdige format av fleire grunnar:

  • Dei sparer kostnader knytte til utvikling og utprøving av eit program.
  • Dei har allereie kunnskap om korleis programmet har vorte teke imot av publikum i andre land.
  • Dei kan tilpasse programmet lokalt og bruke nasjonale deltakarar og opptaksstader.
Ein person kledd ut som frosk syng på scena i TV-programmet 𝘔𝘢𝘴𝘬𝘰𝘳𝘢𝘮𝘢. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lineær TV-titting

Sjølv om vi i dag kan velje kva vi vil sjå på, og når og kvar vi vil sjå på det, er framleis TV-en i stova viktig for mange. Fjernsynet samlar oss og gir oss felles opplevingar. Under koronapandemien i 2020 valde fleire å sjå lineær TV, viser tal frå DNS Kantar på dn.no. NRK sette til dømes sjåarrekordar med songkonkurransen Maskorama, som opphavleg er eit koreansk TV-konsept. Kjendisar i kostyme som syng poplåtar, var kanskje nettopp den avkoplinga vi trong midt i ein pandemi?

Norsk TV-eksport

Kjøp og sal av TV-format handlar ikkje berre om at vi i Noreg kjøper inn program frå andre. Dei siste åra har norske format opplevd ei auka interesse frå utlandet.

Produksjonar som Stjernekamp og 71 grader nord er døme på norske TV-konsept som har vorte selde på den internasjonale TV-marknaden

Meir om TV-format
  • Standardisering betyr at program oftare blir gjorde som samproduksjonar eller produserte med tanke på at folk innan ulike kulturar skal kunne handtere formata og kodane.
  • Format, eller TV-format, beskriv dei unike og gjenkjennelege uttrykka til eit program, det som gjer at det kan omarbeidast og seljast vidare til nye TV-marknader.
  • Opsjon vil seie at du kjøper ein førsterett til å lage ein versjon av formatet. Avtalen er gjerne avgrensa i tid, slik at du mistar han viss du ikkje får laga programmet.
  • Lisens er ein inngått avtale med eigaren av formatet om at du kan lage ein ny versjon av programmet i marknaden din.
  • Ready-mades er eit ord for ferdig innspelte program som blir selde, og som gjerne blir teksta eller dubba før dei går på lufta.
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Underhaldning